Lokal | 31. mai 2018

Vann gull og bronse i internasjonal fotokonkurranse

Sandra Søfteland (18) sitt sjølvportrett «Alone» fekk bronse i FIAP Youth Digital Biennial. I tillegg tok NSFF sitt ungdomslandslag gull.

Vann gull og bronse i internasjonal fotokonkurranse
Vinnarbildet «Alone» er eit sjølvportrett teken i regnet (foto: Sandra Søfteland)
Andris Hamretorsdag 31. mai 2018 07:50

Sandra Søfteland frå Hagavik fekk onsdag ei overraskande gladmelding då nyheiten kom om at ho, saman med ungdomslandslaget til Norsk selskap for fotografering, hadde tatt gull i den 39ende utgåva av den internasjonale fotokonkurransen FIAP Youth Digital Biennial. Gleden blei ikkje mindre over at ho i tillegg tok individuell bronsemedalje for bildet «Alone».

– Det er nesten flaut, men eg hugsa ikkje at vi skulle delta i denne konkurransen. Vi var einige om at vi skulle delta i ei konkurranse, men eg hadde ikkje fått med meg at det var denne, ler Søfteland når Midtsiden snakkar med ho torsdag morgon.

– Kva tenkte du då du fekk beskjeden?

– Oj, dette var gøy. Det er jo eit bilde som eg har hausta litt ære for også tidlegare. I NM fekk eg hederleg omtale og eg vann klubbmeisterskapen i Os fotoklubb med det i fjor haust.

Sjølvportrett i regnet

Søfteland fortel at bildet eigentleg var ei skuleoppgåve på medie og kommunikasjonslina på Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen.

– Vi fekk frie tøyler og skulle ta ein serie på tre bilder. Eg hadde sett eindel flotte bilder tatt i regn og hadde lyst til å freiste å få til den same stemninga. Så då det pissregna ein kveld tok eg med meg kamera, stativ og ein paraply som eg kunne ha over utstyret og satte meg ned i grøftekanten. På dette bildet er eg både modell og fotograf, forklarar Søfteland om bildet som er tatt med sjølvutløysar.

Fekk gå bananas i broren sin konfirmasjon

På spørsmål om kor lenge ho har drive med fotografering blir ho litt i stuss.

– Eg trur det byrjer å bli seks år siden eg begynte aktivt med fotografering. Det heile starta med at bror min skulle konfirmerast. Mamma kjøpte eit kamera som eg fekk bruka akkurat som eg ville for å foreviga dagen. Eg fekk lov til å gå bananas, ler ho.

– Det gjorde at eg fekk lyst til å ta fleire bilder og eg prøvde meg fram litt her og der. Etter det har det berre balla på seg.

– Er det fotograf du har lyst til å bli?

Ja, det er jo det eg har lyst til og satsar på med den utdanninga eg går, men det spørs jo om eg får jobb då, avsluttar prisvinnaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.