Sport | 16. nov. 2009

Vann KM-finalen

Vann KM-finalen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. nov. 2009 08:49

Bildeserie:

1 av 4

Os smågutar 14 slo allianselaget Harding 5-4 i ein spennande kamp om krinsmeistertittelen i sjuarfotball i Vestlandshallen sundag.

Desse spelte finale for Os i går (bildet, f.v.): Thomas Kopperud (1996), Vegard Orvedal, Joachim Brekke Tveit, Fredrik Sandvik Eikeland, Greger Herland, Andreas Glomsaas Sennesvik, Eivind Olsen, Ahmed Bajat, Knut Anders Stokke, Sander Kvittingen (1996), Adrian Walle (1996).

Målskårarar i finalen: Vegard Orvedal (2 mål), Thomas Kopperud (2 mål) og Sander Kvittingen (1 mål).

Suveren i pulja
I smågutar 14 oppretta Os i år eit sjuarlag ved sida av ellevarlaget.

- Før sesongen hadde vi 22 spelarar, men nokre gav seg før seriestart. For å gje best mogleg tilbod til alle oppretta vi eit sjuarlag, og dette har vore med på å gje spelarane god utvikling gjennom sesongen, seier trenar Arve Sennesvik.

I Hordaland har dei 9 sjuarlaga vore delt i to puljer, der dei har spelt 4-dobbel serie. Os vann si pulje suverent med 27 poeng mot nestemann med 15 poeng.

Låg under 2-4
Sundag var det finale i kampen om krinsmeistertittelen mot Harding, eit allianselag av Kinsarvik IL, Ullensvang T & IL og IL Føyk. Motstandarane var gode og hadde nokre svært gode enkeltspelarar. Men Os tok leiinga og heldt denne til midt ut i første omgang.

- Så utlikna dei og tok leiinga, men vi klarte 2-2 til pause. Gutane fekk nye instruksjonar før andre omgang, men siste halvdel av kampen starta med at vi fekk to kjappe mål imot.

Roterte og drakk
Os hadde 11 spelarar med seg, og alle kom godt med. Tørr luft i hallen og krevjande motstand gjorde at dei trengte hyppige pausar og bra væskeinntak.

- Vi hadde nok mest krefter då det gjekk mot slutten, og klarte både 3-4 og 4-4. Vi ville uansett vunne på corner om 4-4 hadde stått seg, men det gjorde ingenting at Thomas Kopperud sette inn 5-4, det er kjekkast å vinna på fleire mål, seier Sennesvik.

5. plass til 11-arlaget
Os Turn smågutar 14 fekk fire gode spelarar og to trenarar frå Fusa før sesongstart. 11-arlaget har i tråd med sportsplanen til Os Turn Fotball vore toppa, men alle spelarane har fått speletid på 11-arlaget og dei fleste har også spelt på sjuarlaget.

11-arlaget har møtt mykje god motstand i serien, men var nest beste lag haustsesongen sett isolert, og landa på ein fin 5. plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.