Sport | 20. okt. 2019

Vann med 19 mål!

Braksiger til handballdamene.

Vann med 19 mål!
Charlotte Pettersen (bildet) blei toppskårar saman med Stine Eide. Dei skåra 7 mål kvar. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. okt. 2019 19:43

Os sitt damelag har vunne annakvar av dei fire første kampane i haust etter storsiger over Sogndal i Oshallen i går.

Os-spelarane var svært kampklare etter nokre veker med kamp-pause.

– Det var godt med ein pause etter det store tapet for Fyllingen 2. Det var ikkje ein kamp vi hadde rekna med å vinna, men det var godt å få den ut av kroppen, seier Trond Budal.

Sogndal sto med tap i 6 av 6 kampar og stilte med noko tynn tropp.

– Dei måtte til slutt bruka ein keeper som utespelar, men vi leia allereie mykje før vi kom så langt.

Os - Sogndal 36-17 (18-11)
Os: Julie Lindborg, Maia Skudal, Charlotte Pettersen 7, Stine Eide 7 (6+1 straffe), Anna Mjånes 3, Regine Steen 3, Malene Fagerthun 3, Elin Rosland 3, Silje-Marie Hamre 2, Emma Lyssand 2, Ayleen Hagen 2, Mia Paulsberg 2, Sofie Evensen 1 og Lena Nåmdal 1.

Keeperane til Os sto kvar sin omgang, alle utespelarane kom på skåringslista. Charlotte Pettersen og Stine Eide blei toppskårarar med 7 mål kvar.

– Eg er spesielt nøgd med at vi sleppte inn berre 6 mål i andre omgang. Julie og Maia sto godt. Maia, som ikkje har så mange minutt i 3. divisjon frå før, gjorde det veldig bra, bak eit hardtjobbande forsvar. Å sleppa inn så lite på 30 minutt er ein god prestasjon nesten uansett motstand, seier Budal.

I tillegg synest han jentene viste fokus og disiplin, noko som kan vera vanskeleg når du leier med mange mål.

På siste timouten rundt halvvegs i andre omgang, skifta Budal heile laget. Dermed blei det godt med speletid også på dei som har spelt mindre i dei første kampane i år.

I neste runde speler Os mot sin tidlegare trenar sitt lag, Askøy.

Kampen går på bortebane søndag.

– Det blir ein kjekk og kanskje spennande kamp. Jentene virker litt ekstra gira på denne, seier Budal.

Terminliste og tabell på handball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.