Sport | 17. okt. 2017

Vann med humør

Laget er halvert, forventningane små. Måndag vann dei 3-1 over Gneist.

Vann med humør
Volleyballdamene til Søre Neset kunne jubla etter siger 3-1 over Gneist (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 17. okt. 2017 06:20

Bildeserie:

Patrycja Plata sette inn dei 10 første ballane (foto: AH)
Patrycja Plata sette inn dei 10 første ballane (foto: AH)
Søre Neset-jentene kjempa for kvar ein ball (foto: AH)
Søre Neset-jentene kjempa for kvar ein ball (foto: AH)
Mottaka satt som dei skulle (foto: AH)
Mottaka satt som dei skulle (foto: AH)
Fjorårets trenar Ingrid Tombre (foto: AH)
Fjorårets trenar Ingrid Tombre (foto: AH)
I andre settet knota det seg litt i forsvar (foto: AH)
I andre settet knota det seg litt i forsvar (foto: AH)
Amanda Bøe servera (foto: AH)
Amanda Bøe servera (foto: AH)
To nye spelarar har kome til (foto: AH)
To nye spelarar har kome til (foto: AH)
1 av 7
Patrycja Plata sette inn dei 10 første ballane (foto: AH)
Søre Neset-jentene kjempa for kvar ein ball (foto: AH)
Mottaka satt som dei skulle (foto: AH)
Fjorårets trenar Ingrid Tombre (foto: AH)
I andre settet knota det seg litt i forsvar (foto: AH)
Amanda Bøe servera (foto: AH)
To nye spelarar har kome til (foto: AH)

Volleyballdamene til Søre Neset hadde sesongstart heime i Nore Neset Aktivitetshus måndag kveld. Ein heller tynn stall tok i mot eit fullsett Gneist-lag.

– Som du ser så er vi ein tynn stall i år. Halve laget har enten slutta eller blitt gravide. Akkurat no er vi fem frå i fjor og to nye. Vi får ta det som det kjem. Vi har framleis gode spelarar, men denne sesongen blir det å spela med humør som blir det viktigaste, fortalde Bård Terje Skogland, ny trenar for sesongen.

Gjekk rett i angrep

At dei var blitt halvert og soleis stilte svekka var det ingenting som tyda på i første sett måndag kveld. Anført av Patrycja Plata som satte dei ti første servane og tok Søre Neset opp i ei 10-0-leiing viste jentene at dei med humør og samarbeid ikkje skal undervurderast.

Spesielt ballvekslinga til 9-0 var av det imponerande slaget, kor dei måtte kjempa for kvarandre for å halde ballen i spel. Gjestane for Gneist følte seg då så pressa at dei såg seg nøydd til å ta time-out. Dei blei rett og slett overspelt av eit Søre Neset-lag fullt av speleglede.

Timeouten hjalp tydelegvis for gjestane for plutseleg sto det 18-18 før Plata igjen hadde serven og losa laget inn til 25-20 siger i det første settet.

Tapte eitt, vann to

I det andre settet var nok heimelaget framleis høgt oppe etter å ha vunne det første og blei for passive og ukonsentrerte i mottak og legg. Dermed gjekk dei på ein kjempesmell og tapte 7-25.

– I dei to siste setta jobber jentene knallhard og kjempar for kvar einaste ball. Då viser dei at det er det som skal til og vi vinn begge setta, 26-24 og 25-23.

– Du kan trygt seie det var kjempestemning etter kampen. Ein betre start enn dette kunne vi ikkje fått, oppsummerer Skogland.

Søre Neset - Gneist 3-1 (25-20, 7-25, 26-24, 25-23)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.