Marco Matre vann også den siste noregscuprunden og stakk med det av med samanlagsigeren. (Privat foto)

Vann noregscupen samanlagt

Marco Matre jaga konkurrentane, vann nok ein NC-runde og stakk av med sin første samanlagtsiger. No står NM for tur.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Motocrosstalenta Marco Matre (20) og William Havsgård (20) frå Os MC og MX klubb ligg på 3. og 4. plass samanlagt i NM, som blir avgjort om to veker.

I noregscupen har Marco Matre vore på pallen i alle dei tre tidlegare rundane og vann den tredje og nest siste.

I helga blei noregscupen avgjort og sisterunden gjekk på ein bane Marco liker godt, Mjøscross sin Bøverlund.

– Imponerande kjøring

– Eg hadde bestemt meg på førehand at dette skulle vinnast, og det var heilt fantastisk å få full klaff, seier Marco til Midtsiden.

Marco vann ikkje starten verken i første eller andre heat, men jaga konkurrentane og kom først i mål begge gongane.

– Det var svært imponerande kjøring av Matre, skriv motocrossavisa ractik.com.

Med siger i siste runde vann han også noregscupen samanlagt. Håkon Engan Karlsen og Nikolai Johannesen Lian kom på 2. og 3. plass.

Familie og venar

Marco har kjørt motocross sidan han var 10 år.

Han takkar familien for støtta, ikkje minst mekanikar og kjøre-kompis pappa Jarle.

– Eg er utruleg takksam for at dei har stilt opp, kjørt meg rundt i Noreg, støtta meg og vore så entusiastiske. Pappa kjører jo sjølv òg, like rått som alltid, og vinn det som er av veteranløp på Vestlandet, skryter Marco.

Også storebrørne Remy og Stian har vore aktive og viktig støtte. No har han den jamgamle klubbkameraten William å kjøra med og bryna seg på.

I NM-toppen med William

Begge var suverene i vestlandsmeisterskapen som ungdomar, og har fleire gongar vore på pallen samanlagt i NM som junior.

Dei har også gått på motocross-linja på NTG, Marco to år, William tre.

No kjører dei senior i tyngste klasse, og i NM, der det er endå tøffare konkurranse, ligg dei på 3. og 4. plass samanlagt før siste runde.

– Eg fekk svake resultat i dei to første noregscuprundane og krasja i den tredje. Men i NM har eg kjørt jamt og greit. Med full klaff i siste runde kan Marco klara 2. plass og eg 3. plass, samanlagt. Men konkurransen er hard, seier William.

Siste NM-runde går på Haslemoen om to veker.

Midtsiden samleside: Motorsport

 

 

 

 

 

Fleire saker