Sport | 14. sep. 2015

Vann samanlagt-bronse i NM

William Moberg Hetleflåt landa på 3. plass samanlagt i junior-NM i dragrace.

Vann samanlagt-bronse i NM
William Moberg Hetleflåt (t.v.) med bronsemedaljen. I midten er Thor Øyvind Østgaard, til venstre Bent Arild Strøm. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. sep. 2015 17:14

Os' raskaste 11-åring, som fylte 12 år i august, debuterte i 7,90-klassen i år og hevda seg heilt i toppen.

Førre helg blei siste av fem rundar kjørt og resultatet blei godt nok til pallplass.

– Vi hadde ikkje drøymd om medalje i første sesong, dette er vi meir enn nøgd med, seier pappa Truls Hetleflåt.

– Dette er truleg den første medaljen i junior-nm som går til Vestlandet.

William hadde 5. plass i første runde i vår og rauk ut i 2. runde i Fyresdal.

Men sigeren første helga i august var med på å dra opp samanlagten kraftig.

Tjuvstarta med 4 tusendelar

– I avslutninga førre helg fekk han ein god start med veldig bra reaksjonstid og landa på 7. plass i kvalifiseringa. Men i første elimineringsrunde var han 4 tusendels sekund for ivrig på pedalen og blei diska for tjuvstart.

Dragrace handlar mykje om aksjellerasjon, men også om reaksjonstid. Avanserte sensorar følgjer med når startskotet går, og er du for rask på pedalen så blir det dømt tjuvstart. 0,500 sekund er ideelt, startar du 0,499 etter startskotet så tel det som tjuvstart. William starta 0,496 etter at startskotet gjekk, noko som tel som tjuvstart.

Thor Øyvind Enger Østgaard fekk 1. plass, Bent Arild Strøm kom på 2. plass.

– Det er godt miljø i sporten og dei tre er frå før kameratar. Det var veldig kjekt at alle kom seg på pallen.

Ønskjer å kjøra EM-rundar

I neste løp skal William kjempa om samanlagtsiger i vestlandsmeisterskapen.

– Han ligg på 2. plass, men har god sjanse til å vinna samanlagt, seier Truls.

Han har allereie byrja å sjå på neste sesong og sjansen for å kjøra EM-rundar.

– Det blir i så fall mykje køyring i Danmark, Sverige og Finland, og då vil vi nok setja bilen frå oss i Sverige i periodar for å fly til nokre av løpa.

– Slike ting kostar så no må vi ut på sponsormarknaden og sjå om det er nokon som vil støtta satsinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.