Sport | 08. juni 2018

Vann stressa kamp med tre mål

Os hadde ikkje problem med å slå Telavåg, som måtte avslutta med ti mann.

Vann stressa kamp med tre mål
Her set Hafsås inn 3-0 tidleg i 2. omgang. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. juni 2018 20:09

Bildeserie:

1-0 ved Takle Eide.
1-0 ved Takle Eide.
Øystein var i støtet og Os var sterke frå start.
Øystein var i støtet og Os var sterke frå start.
To minutt seinare auka Villén til 2-0.
To minutt seinare auka Villén til 2-0.
Sander Kvittingen hadde sine sjansar.
Sander Kvittingen hadde sine sjansar.
Rafael i duell med keeper.
Rafael i duell med keeper.
Telavåg reduserer til 3-1.
Telavåg reduserer til 3-1.
Hafsås prøver seg igjen.
Hafsås prøver seg igjen.
Skeie taklar.
Skeie taklar.
... og blir sparka i ryggen. Dermed er Telavåg nede i ti mann.
... og blir sparka i ryggen. Dermed er Telavåg nede i ti mann.
Ljosheim gjorde seg gjeldande med éin gong han kom innpå.
Ljosheim gjorde seg gjeldande med éin gong han kom innpå.
Han blei òg jakta på.
Han blei òg jakta på.
... men heldt seg på beina.
... men heldt seg på beina.
Bødtker med skot over mål.
Bødtker med skot over mål.
Hafsås, som er skjult bak Ljosheim, heada inn 4-1.
Hafsås, som er skjult bak Ljosheim, heada inn 4-1.
1 av 14
1-0 ved Takle Eide.
Øystein var i støtet og Os var sterke frå start.
To minutt seinare auka Villén til 2-0.
Sander Kvittingen hadde sine sjansar.
Rafael i duell med keeper.
Telavåg reduserer til 3-1.
Hafsås prøver seg igjen.
Skeie taklar.
... og blir sparka i ryggen. Dermed er Telavåg nede i ti mann.
Ljosheim gjorde seg gjeldande med éin gong han kom innpå.
Han blei òg jakta på.
... men heldt seg på beina.
Bødtker med skot over mål.
Hafsås, som er skjult bak Ljosheim, heada inn 4-1.

Øystein Takle Eide sendte Os opp i 1-0 i 7. minut og Rafael Villén sørgja for 2-0 to minutt seinare.

Christoffer Hafsås gav Os 3-0 og 4-1, og blei kåra til dagens beste Os-spelar, men er ikkje nøgd med kampen.

– For det første så er vi for utolmodige i siste tredel av banen, det var også dette vi fekk beskjed om av Tim Henrik Sperrevik i pausen, å roa ned. For det andre bør vi klara å halda nullen når vi er så mykje betre enn motstandaren som det vi var i dag, meiner han.

Målet imot såg det ikkje ut til å vera noko å seia på. Telavåg-spelar Martin Cindahl fekk gå åleine skrått på Os-målet og fekk ei god avslutting i lengste hjørne.

3-1 blei til 4-1.

Den same Cindahl blei utvist ei stund seinare. Utvisinga kom då han hælsparka Skeie i ryggen mens begge var i bakken etter ein duell der Skeie hadde vore noko tøff.

Både før og etter at gjestane blei redusert til ti mann sløste Os med sjansane.

– Vi har noko å jobba med, men vi vinn med grei margin og kan gle oss over nye tre poeng etter at vi rota 3-1 til 3-3 på overtid sist, seier Hafsås.

Os - Telavåg 4-1 (2-0)
Os: Anders Fossen Lunde - Alexander Dale, Endre Brenne, Vegard Skeie - Harry Moore, Marius Mikkelsen, Martin Eidsvik, Øystein Takle Eide - Sander Kvittingen og Christoffer Hafsås.
Innbytarar med speletid: Steffen Ljosheim, Steffen Kvamsdal, Håkon Kvittingen, Fabian Bødtker og Simon Søvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.