Vann tittel med 10 mann
Kampen om krinsmeistertittelen starta dårleg for Lysekloster, men etter 118 minutt med 10 mann var sigeren i boks.


Etter 3-2-siger i semifinale mot Smørås 2, ein kamp som også gjekk til ekstraomgangar, var Lysekloster sundag klar for finale i kampen om krinsmeistertittelen i 7. divisjon. Der venta Frøya 3 som slo Hovding 2 i sin semifinale. Også denne kampen gjekk for Lysekloster sin del på bortebane.
- Vi hadde berre spelt i 90 sekund då vi fekk ein spelar utvist, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal om den dårlege starten på finalen sundag.
Jaran Moberg hoppa for å heada ein ball, men kom litt etter ein motspelar.
- Det ville vore ekstremt strengt å gje gult kort på dette. At han blei utvist forstår eg ikkje, seier Sandal.
- På returen etter frisparket som følgte var det så mykje uro i laget at vi ikkje klarte å klarera, dermed sto det 1-0 til motstandarane og vi hadde ein mann mindre før to minutt var spelt.
Ekstraomgangar
Men Lysekloster-spelarane hadde ikkje tenkt å gje seg, allereie før pause utlikna dei ved Thomas Sandal.
Stillinga heldt seg ut 2. omgang, så då måtte tittelkampen avgjerast med ekstraomgangar.
- Gutane viste ein enorm arbeidsmoral. Vi skåra eitt mål i kvar ekstraomgang og vann fortent mot eit godt Frøya-lag, seier ein nøgd Lysekloster-trenar.
Sulaiman Yakubu skåra 1-2-målet, Harald Haugland sette inn 1-3 på straffe 4-5 minutt før slutt.