Næringsliv | 25. sep. 2009

Vann vegrett

Overflatesenteret AS vann ankesaka mot Jan Lepsøe, og har fått vegrett over delar av eigedomen til naboen ved Ulvenvegen.

Vann vegrett
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. sep. 2009 08:58

Bildeserie:

1 av 4

Når semitrailarar skal koma til for levering eller henting, er Overflatesenteret AS avhengig av bruk av eit stykke av vegen som går inn på naboen Jan Lepsøe sin eigedom. Men Lepsøe vil bruka eigedomen til å bygga ny veg langs eigen industribygning.

Overflatesenteret tapte saka om vegrett i Nordhordland tingrett 17. oktober 2007. Men 18. september i år vann dei ankesaka, Gulating lagmannsrett har kome til den slutninga at ankeparten har vegrett over naboeigedomen i Ulvenvegen, gnr 54 bnr 776.

- Det var på tide at rettferdigheten sigra, seier Bjørn Orrebakken frå Overflatesenteret.

- For oss blei dette vera eller ikkje vera. Vi har prøvd å kjøpa delar av bakkane rundt vegen vår, for å utvida vegen litt slik at større bilar kan snu. Men vi har ikkje fått kjøpa av bonden som eig den grøne flekken mellom vegen til oss og Lepsøe og Ulvenvegen, legg han til.

Overflatesenteret blei frifunne for krav om å betala 6487 kroner til Jan Lepsøe, medan Lepsøe no er dømt til å betala sakskostnadar i Lagmannsretten, 133.989 kroner til Overflatesenteret.

- Eit gamalt dokument dukka opp, i tillegg fann retten ut at naboen har hevd på bruk av denne delen av vegen. Kva dommen betyr, kor stor del av eigedomen vår naboen har hevd i, veit vi førebels ikkje, seier Ann-Elin Lepsøe Berge.

- Vegstykket vi allereie har bygd var for å få på plass eit stillas. Vi hadde håpa på å få veg langs denne delen av bygget, slik at vi kunne hatt portar til hallen også frå denne sida, men det er uvisst om vi no får til.

Fleire eigarar
Historien bak vegretten er lang og litt komplisert. Ankande part kjøpte eigedomen av Bjørn Skaathun og hans panthavarar etter konkursen i 1989.

"Trekanten" der dei no har fått vegrett ville Lepsøe kjøpa av Os kommune året før. Under bygging av E 39 Moberg-Svegatjørn, med ny rundkjøring nær Lepsøe sin eigedom, blei delar av eigedomen til Lepsøe ekspropriert, og då fekk han "trekanten" i kompensasjon.

Hevd
Saman med fokus på tidlegare meir eller mindre uformelle avtalar om vegrett har spørsmålet om hevd stått sentralt. Her legg lagmannsretten til grunn at "trekanten" blei planert av Skaathun i 1973 og har sidan blitt brukt av eigarane av nabotomta til Lepsøe samanhengande fram til i dag, sett bort frå fem månadar rundt konkursbehandling hos Skaathuns selskap(er). (Lepsøe kjøpte sin eigedom i 1975.)

"Så lenge opphaldet i bruken er ein naturleg konsekvens av overgangen, vil det vera uproblematisk både i relasjon til hevdsloven § 2 og 3."

Kravet til hevdstid på 20 år er med det tilfredsstilt.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.