Lokal | 12. feb. 2015

Var førebudde

Kommunen var førebudde då «Nina» feide inn over Os, men ikkje på alle områder viser evalueringa.

Var førebudde
Brann, politi og helse samla seg i beredskapssenteret på Moberg under stormen (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 12. feb. 2015 12:34

Kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap, Nils-Petter Borge, er nøgd med korleis kommunen handterte stormen «Nina», men ser forbetringspunkter.

– Blant anna måtte vi gå til hasteinnkjøp av hovudlykter til heimetenestene slik at dei hadde lys når dei vitja brukarane.

– Vi bør òg sjå på kva verneutstyr vi bør anskaffa, med tre som fall og lause gjenstander som flaug gjennom lufta var det risiko knytt til å skulle utføre tenestene. Til dømes bør vi kanskje vurdera å kjøpa inn hjelmer til heimetenesten, fortalde Borge då han orienterte om evalueringa i tenesteutvalet onsdag.

Dårleg samordning og info

To andre punkt kommunen ser ein kan forbetra seg på er samordning mellom brann- og redningetaten og kommunal teknikk og det kommunale informasjonsarbeidet.

– Det vi lykkast dårlegst med var informasjonsarbeidet frå kommunen si side.

– Vi hadde førehandsvarsla kommunal kriseleiing (KKL) om at den skulle trå saman om heile kommunen blei utan straum over noko tid, men vi burde nok satt informasjonsdelen av KKL.

– No blei det lagt ut noko informasjon på kommunen sine facebook-sider, men vi burde fått informasjon ut kjappare og i fleire kanalar.

– Vi sleit òg med manglande informasjon og oppfølging frå BKK. Vi mangla litt info vi òg, for eksempel når ein kunne rekna med å få straum tilbake.

– Dette har blitt drøfta med BKK og vi opplever at kommandolinene er betre no, forklarte kommunalsjefen.

Hadde Røde Kors klare

Kommunen hadde då stormen blei varsla gjennomført ei risiko og sårbarheitsanalyse omkring tenestene sine.

– Brann- og redning blei utstyrt med to satelitt-telefonar for å sikra kommunikasjon.

– Vi hadde òg avtale med Røde Kors om at dei kunne stille 20 personar til å hjelpa oss med besøksrunder hjå eldre heimebuande om det skulle bli naudsynt.

– Eg er veldig glad for det samarbeidet. Det er kjempebra at vi har frivillige lag i bygda som er klare til å hjelpa til i ein situasjon som dette.

Beredskapssenteret fungerte

Nøgd er kommunalsjefen òg med den samordninga ein hadde mellom brann- og redning, helse og politiet.

– Politiet mista straumen nede i Irisgården og flytta opp til beredskapssenteret på Moberg.

– Det gav eit godt og effektivt samarbeid, slo Borge fast.

Treng førebygging

Politikarane i tenesteutvalet var nøgde med kommunalsjefen sine tilbakemeldingar men opptekne av kva som kan gjerast for å førebyggja for framtida.

– Eg trur det òg er mange privatpersonar som har lært mykje. Førebygging er cluet.

– Tre og stolpar ramla ned, gjer kommunen noko i høve hogst langs liner, undra Paal Moberg (Ap).

– Eg er òg på den førebyggande lina. Eg opplevde sjølv naboar på 80+ som var uten straum, vatn og telefon og som ikkje klarte å bera inn ved sjølv.

– Bør tryggleikssjukepleiaren kartlegga desse som ikkje har tryggheitsalarm, slik at ein til dømes kan nytta Røde Kors til å sjå til dei.

– Slik det var no, var fleire av dei utan moglegheit til å varsla om noko skulle skje fordi telefonen var borte. Det er nesten verre enn at straumen er borte, fortalde Torunn Øvredal (Tvs).

Planlegg Lurane med aggregat

Emil Tetlie Brimsholm (H) var oppteken av om kommunen vurderte å gå til anskaffing av straumaggregat.

– Hadde det vore nyttig om kommunen hadde investert i aggregat, undra han.

– Heile Lurane blir med naudstraumsaggregat når vi no byggjer ut. Mobile aggregat er sjølvsagt noko vi kan vurdera, svara Borge.

– Ein kan jo starta med å skaffa ei oversikt over kven i bygda som allereie har aggregat ein kan låna, skaut Øvredal inn.

Kommunalsjefen lovde at han ville ta med seg innspela vidare i forbetringsarbeidet.

– Ein ting er heilt sikkert. Det kjem nye stormar, avslutta Borge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.