Lokal | 12. nov. 2019

Var på veg til kamerat for å fiksa bilen

Kvinne stoppa i bil utan skilt.

Var på veg til kamerat for å fiksa bilen
Politiet stoppa bil utan skilt på Ulvensletta måndag kveld. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. nov. 2019 09:19

Måndag i 21.30-tida blei ein bil stoppa på Ulvenvegen i ein bil utan kjenneteikn.

– Bilførar, ei kvinne i 30-åra, sa ho ikkje visste at det ikkje var skilt på bilen, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

– Men ho erkjente forholdet. Ho sa ho var på veg til ein kamerat som skulle reparera bilen.

Å køyra utan skilt er risikabelt.

– Om bilen ikkje er forsikra, og du blir innblanda i ei trafikkulykke med personskade, kan du få høge utgifter til den skadde. Det finst eksempel på folk som har gått personleg konkurs grunna utgifter til skadde personar i ei årrekkje etter ulykka.

– Om bilen er forsikra, men er avskilta av annan grunn, for eksempel manglande EU-godkjenning, risikerer du betydeleg avkorting.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.