Lokal | 23. sep. 2019

Var sugen på røyk - tatt med promille

Ein godt vaksen mann gjekk tom for røyk i morgontimane søndag. Bilturen vart stoppa av politiet.

Var sugen på røyk - tatt med promille
Politiet sin rapport for søndag inneheldt promillekøyring, innelåst hund og uvettig køyring med motorsyklar. (Ill.foto: KOG) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmåndag 23. sep. 2019 09:38

Politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Anne Lyssand, fortel at politiet kom over den røykesugne mannen i Hagavik-traktene like før klokka ni søndag morgon.

– Den godt vaksne mannen blåste til raudt, og la samstundes alle korta på bordet. Han kunne fortelja politiet at han hadde gått tom for røyk, og skulle berre ein tur på butikken for å kjøpa meir.

Lyssand seier at mannen vart køyrt heim, og etter eit avhøyr der, vart det teke beslag i førarkortet til mannen.

Uroa over hund i bil

I 14-tida i går ettermiddag fekk politiet ei melding frå publikum om ein hund innelåst i ein bil.

– Bilen stod parkert ved Esso-stasjonen i Os sentrum, og meldar var uroa over kor lenge hunden hadde vore i bilen, spesielt då det var ein varm dag i går.

Lyssand seier at saka løyste seg utan at politiet måtte ta grep.

Svinkøyring på to hjul

I 14-tida fekk politiet nok ei melding om uvettig køyring med lette motorsyklar.

Denne gangen kom meldinga frå området Gudriflaten/ Byvegen.

– Dessverre var syklane fordufta før patruljen fekk gjort noko med meldinga, seier Lyssand.

Pass på båtar og utstyr!

I 13-tida laurdag fekk politiet melding om tjuveri av båt frå Særvollvika.

– Vi vil på det sterkaste oppmoda båteigarar om å sikra og låsa alt av utstyr og eigedelar, sjølv om båt-sesongen no er på hell, avsluttar Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.