Lokal | 25. feb. 2017

Var ute på prøve - kjøpte 100 gram amfetamin

Ein mann frå Os er dømt til åtte månadar fengsel etter fleire beslag av ulike typar stoff.

Var ute på prøve - kjøpte 100 gram amfetamin
Mannen blei dømd til åtte månader i fengsel (ill.foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 25. feb. 2017 09:20

Tidleg på kvelden første juledag i 2014 rykte politiet ut på tips om bilinnbrot. Det viste seg at mannen skrudde på sin eigen bil, men det oppsto nokre tumultar og sikta blei lagt i jern og ransakt.

Det blei funne 35 gram amfetamin i lommene hans og 33 gram metamfetamin i heimen hans. I bustaden blei det òg funne ein mobiltelefon som var stolen, 4,3 gram amfetamin, 21 gram hasj og 115 narkotiske tablettar.

Tiltalte, som er i 30-åra, innrømte å ha kjøpt 100 gram amfetamin og sa at dette var til eige bruk.

Han blei sat i varetekt i ni dagar. I februar blei han tatt med over 1000 narkotiske tablettar i ein annan bustad i Os. I bustaden fann politiet òg ulike kort, som førarkort, mastercard og visakort, som tilhøyrde fleire ulike personar.

Lang liggetid, men fleire skjerpande forhold

Retten påpeikte at saka har tatt for lang tid før den kom opp. Delar av årsaka til dette er venting på analyse frå Kripos og at tiltalte drog på seg fleire forhold, men likevel er ein samla liggetid på 7,5 månadar mykje.

Forsvarar ba retten vurdera samfunsstraff. Dette blei ikkje aktuelt.

Tiltalte er straffedømt sju gongar før, frå 2003 til i dag, i hovudsak for narkotika, vinning og ruspåverka køyring.

Han kjøpte desstuan 100 gram amfetamin berre cirka ein månad etter at han kom ut av fengsel, i prøvetida, med 120 dagar fengsel som «ris bak speglet».

Låg styrkegrad

Grensa mellom grov og vanlig overtredelse ved mengde amfetamin er etter sikker rettspraksis ca 50 gram. At stoffet i denne saka hadde låg styrkegrad – 11 % og 12 % - endra ikkje subsumsjonen frå grov til ordinær, men hadde litt å seia for straffutmålinga.

Tiltalte blei dømt til åtte månadar fengsel. 9 dagar varetekt kom til frådrag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.