Næringsliv | 04. juni 2010

Varierande misbruk

Nokre plassar ser det fint ut rundt hyttekonteinarane, andre stadar i Os har boss-streiken verkeleg sett sine spor.

Varierande misbruk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. juni 2010 05:42

Måndag gjekk driftsoperatørane ved energianlegget i Rådal ut i streik, noko som førte til stopp i henting av restavfall og stenging av gjenvinningsstasjonane til BiR.

Sortert avfall, som papir og plast, har halde fram med å bli henta, men det som luktar verst har hopa seg opp i fleire heimar i Os og fleire andre kommunar i Hordaland denne veka.

Det er heller ikkje berre heime det har hopa seg opp, enkelte konteinarar for restavfall frå hytter, som av og til elles i året også blir misbrukt, er no meir enn fulle.

I Kjeldevegen, som ligg nær rundkjøringa på E39 ved Halhjem ferjekai, står det fleire posar med boss på og ved konteinarane. Fuglar har vore og hakka hol i fleire av dei og bosset flyt.

Andre stadar, som på snuplassen på Bruarøy og ved Esso-stasjonen i Os sentrum, ser det betre ut.

Ifølgje BT.no fryktar ekspertar at kombinasjonen av sommartemperatur og god tilgang på frittflytande boss kan gje langvarige rotteplager.

Tidlegare i veka skreiv BA.no at BiR kan søkja Fylkesmannen om dispensasjon fra deponiforbodet, og henta og deponera restavfallet, noko BiR då gjorde. Men Fylkesmannen sa nei, han ville ikkje blanda seg i ein streikesituasjon.

Det er framleis uvisst kor lenge vi sjølv må oppbevara avfallet heime, men sikkert at det å plassera det ut i det fri ikkje er beste løysing.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.