Ein varmande formiddag i Vikjo
Bål og kakao samla nærmare 200 innbyggarar julaftan.


Ein idé blei ein realitet då André Marton Pedersen fekk med seg kameraten Tor Arne Hitland på å organisera ei open samling rundt eit bål i Mobergsvikjo julaftan.
Invitasjonane gjekk ut for ei god veke sidan.
– Målet er å laga eit tilbod for både dei som er einsame seinare på dagen og for turgåarar som luftar hovudet før dagens hovudmåltid. Anten det kjem éin person eller 30, så tenker eg at det er ein suksess, sa arrangørane.
Mellom 150 og 200 møtte.
Mange bada i sjøen, andre heldt stabil temperatur ved å halda seg nær bål og kakaokopp.

– Nokre kom åleine, andre kom i par, venegjengar eller heile familiar, seier Tor Arne Hitland.
– Vi kan ikkje veta kven som kom fordi dei trengte litt selskap før ein einsam kveld, og kven som kom innom for å få frisk luft før eit folksamt besøk, men eg vil trur vi hadde mange kategoriar samla i dag. Det var òg meininga.

Han fyrte i bålet ein time før avtalt start klokka 11.
André Marton hadde laga 30 liter varm sjokolade, på oppskrift frå Brooklyn og Tysnes.

– Eg er glad folk likte den, for det var eg spent på! Vi såg fort at det ville gå tomt, så Hitland stakk og kjøpte fleire ingrediensar, seier Pedersen.
– Turlaget sponsa nokre ingrediansar og kjeks, det var òg ei dame som kom med bakst ho delte ut. Ein nabo til Mobergsvika vippsa 300 kroner til ved.
Oppmøtet er ei tilbakemelding i seg sjølv, men det var òg folk som sette ord på kva dei synest om initiativet.
– Mange ytra at dei var glade for dette treffet.
– Dette kan fort bli ein tradisjon, seier begge to.






