Varmar opp hos NRK
Før konserten i Fjellheim lørdag skal ORBO i NRK-studio og spela inn noko som skal gå i Barne-TV si gamle sendetid på NRK1.


Det er måndag kveld og Ole Reinert Berg-Olsen har nettopp blitt frisk. Ikkje frå griseflunso, men frå noko som liknar litt. I øvingslokalet i Os sit han saman med resten av bandet, Reidar, Paul Inge, Stian og Ine, og øvar på ein julesong med Tom Petty.
- Vi må jo laga litt julestemning når vi har lova å rocka jula inn, seier ORBO.
Det er allereie selt over 100 billettar til konserten lørdag. Før ORBO & The Longshots går på scenen skal Red Hot Cherry Poppers sprita opp stemninga.
- Det gler vi oss til, eg er stor Red Hot-fan, seier Longshots-bassisten Paul Inge Vikingstad.
Til NRK onsdag
ORBO hadde fleire gode grunnar til å øva i går, onsdag skal dei spela inn noko som skal visast på det komande programmet «Førkveld» på NRK1.
- Vi skal erstatta Barne-TV, seier Ole og ler. Men han snakkar samstundes litt sant.
I 2010 skal Barne-TV, som sidan 60-talet har gått fast på NRK1 klokka 18, flyttast. Alle har fått digitale signal og dei fleste har fått med seg at NRK Super sender mykje for ungar, også Barne-TV parallelt med NRK1.
Den gamle sendetida på NRK1, frå 18.00 til 18.40, er det «Førkveld» som får. I alle fall i vekedagane.
- Viktig for bergensrocken
Før Melodi Grand Prix-finalen gjekk i Bergen i 1986 blei både Grieghallen og NRK sitt studio på Minde rusta opp. Grieghallen har blitt mykje brukt etter 86, men den siste tida har det vore lågare aktivitet i NRK sitt studio.
- Utanom Vestlandsrevyen så har NRK produsert lite og ingenting i Bergen dei siste åra. Rune Larsen sitt Absolutt Norsk var vel det siste, seier Ole.
- Trøndelag var aktuell då sendetida til Barne-TV skulle fyllast, vi i Bergen skal vera veldig glade for at det blei her i staden. NRK har tre flotte studio på Minde, og skal ein av vekedagane ha musikk som tema i «Førkveld».
«Førkveld» kjem til å ta seg god tid med kvart band. ORBO & The Longshots, som truleg blir blant dei første musikarane som får sendetid i «Førkveld», skal spela tre låtar i studio i morgon. Sendingane startar i januar neste år.
- Vi har ikkje bestemt kva låtar det blir enno, men vi gler oss veldig. Og så blir det fin oppvarming til konserten lørdag, som ser ut til å bli like full og livleg som den førre, seier spellemannen.
Under bilda kan du sjå ORBO synga tittelsporet frå førre album, Masquerade, på øving i går kveld.
(Mobilfoto: KVB)