Lokal | 10. mai 2021

Varme maidagar i vente

... men meldingane for 17. mai vekslar.

Viss nokon treng å kjøla seg ned etter heimeskule, står nytt stupebrett i Mobergsvikjo klart. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. mai 2021 07:27

Etter ein tørr, men kald april, den kaldaste sidan 2003, fekk vi nedbør søndag og i dag - og no skal temperaturane auka.

– Opptil 20 gradar, og Vestlandet kan få det varmaste vêret, skriv yr.no.

Meldingane for Osøyro er noko meir varsame, Yr melder 16 gradar i morgon og 18 gradar og berre 2-3 m/s vind onsdag.

Storm melder 12 og 13 gradar desse dagane.

Det er venta mest sol tysdag, men 5-6 m/s vind, og lettskya også onsdag og torsdag.

Vekslande meldingar for 17. mai

I går var første dag langtidsvarselet strekte seg til måndag 17. mai, og då såg det ut til å bli 9 gradar og sol.

Meldingane i dag seier overskya frå fredag til og med måndag, med nedbør fredag morgon og gjennom måndagen.

Men det er framleis eit stykke fram i tid, og det er meldt opphaldsvêr søndag og sol tysdag i neste veke, dermed kan det framleis vera håp opp «forskyving» av godvêr og opphald på nasjonaldagen.

Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.