Vassbrot i Os nord påverkar Os aust
Skaden er funnen.


Bjørnafjorden kommune opplyser i dag om eit vassleidningsbrot nord for Os sentrum.
– Skaden er funnen. Vassbrotet er i Sveo, men det er Lyssandtræet og Heien som er råka, seier teknisk vakt Gitle Smaadal til Midtsiden.
Rundt ti bustadar er utan vatn. Det er sett ut vassvogn ved Lyssandtræet.
– I tillegg er det permanent sjanse for å henta vatn på pumpestasjonen ved Vallabrua.
– Veit de kva som er årsaka til brotet?
– Nei, men det er neppe eit graveuhell. Det var ikkje pågåande arbeid i området, og skaden på leidningen skal vera på undersida av røret.
Målet er å kopla vatnet på igjen i ettermiddag.
Tekstmelding blir sendt ut når vatnet er sett på igjen.
– Meldinga vil inkludera kokevarsel. Det er vanleg med både klorlukt og misfarging i starten. Det kjem ny melding når kokevarselet opphøyrer.





