Samferdsle | 09. feb. 2023

I rykk og napp på Byvegen

Overgang frå asfalt til oljegrus får fleire til å bremsa. I formiddag blir det reparering og dirigering.

I rykk og napp på Byvegen
Det har blitt litt bråbremsing der asfalt blir til grus på Byvegen torsdag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. feb. 2023 08:08

Fylkesveg 583 Byvegen var stengt ved Jordmorsvingen frå 16.30 og utover natt til torsdag grunna graving i samband med vassleidningsbrot.

– Vatnet blei kopla på i 02-tida i natt, men eg veit ikkje kva klokkeslett vegen opna, seier teknisk vakt i Bjørnafjorden kommune.

Heller ikkje Vegtrafikksentralen eller entreprenør Løvaas Maskin kunne på strak arm seia kor tid fylkesvegen opna igjen, men det var opna for trafikk torsdag morgon.

OPPDATERT: VTS fekk i morgontimane melding om at vegen opna i 05-tida.

Bildeserie:

1 av 2

Trafikken går som normalt, men det var ein del bremsing på staden mens Midtsiden fotograferte, i overgangen frå asfalt til oljegrus.

– Vi vil sjå på saka. Det er mogleg at vi bør setja ut nokre varselskilt, seier vakthavande ved VTS.

Kort tid seinare fortel Vegtrafikksentralen at ein bil med påfyll av oljegrus og skilt til begge endar er på veg til staden.

– Det blir dirigering på staden frå cirka klokka 10.30 til 11.

I mellomtida bør trafikantar halda god avstand til bilen framfor på veg forbi den gruslagte delen.

Det er uvisst kor tid asfalt kjem på og overgangen blir jamnare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.