Lokal | 21. aug. 2012

– Vassjet blir lovleg!

Stein Olav Lothe har søkt om å kjøra vassjet i heile Os, og håper på avslag (!). Carl Jacob Johansen seier styresmaktene er på svært tynn is og er skråsikker i sin kamp for å få oppheva forbodet.

– Vassjet blir lovleg!
Carl Jacob Johansen i jettrade.no er sikker på at dette blir lovleg. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. aug. 2012 21:01

I postlistene til Os kommune dukka det i august opp ein søknad om å få kjøra vassjet på sjøen i heile Os kommune, på lik linje med fritidsbåtar.

"Ny lov gjer at kommunen må gje løyve til dette (...) jeg søker i henhold til lovens kartavgrensninger som gjelder for sårbare kystområder" skriv søkjar, Stein Olav Lothe, og viser til kartet regjeringa la ut i sommar.

Sjå utsnitt for Os i høgre marg.

– Eg har sendt søknad til alle kommunane i heile Noreg. Målet er å visa at det i praksis er totalforbod i Noreg, noko som er i strid med EØS-avtalen. Og kommunane bit på, avslaga haglar inn, seier Lothe, som er frå Sandnes.

Les òg: – Blir ikkje lagt på vent (om den nye forskrifta)

I forskrifta vedtatt 22. juni i år heiter det:

"Kommunene har plikt til å gi dispensasjon i de områdene noen har søkt om å få kjøre hvis ikke hensynet til miljø eller sikkerhet taler imot."

– Nokre kommunar gjev blankt avslag utan handsaming, andre har kome med saksnummer, men der reknar eg med minst 6 til 12 månadar behandlingstid. Uansett, kommunen har plikt å gje dispensasjon, men kartet er teikna sånn at det knapt er ein flekk i heile Noreg dei kan opna for vassjetkjøring utan at fylkesmannen si miljøavdeling vil gripa inn.

Sikker på siger

Lothe sin plan er å visa at forbodet er i strid med EØS-avtalen, altså eit totalforbod, men han har ikkje plan om å føra kampen vidare. Det har derimot Carl Jacob Johansen, som i ei årrekkje har selt vassjet og kjempa for seg og kundane sine mot norske styresmakter.

– I sommar har det vore tett mellom bøtene. Korleis står saken sett med deg og vassjetkjørarane sine auge?

– No venter vi på stemning i domstol i ei av sakene, når den saka kjem opp byrjar det å skje ting, seier Johansen frå jettrade.no.

– Men det dreg ut i tid. Styresmaktene er på svært tynn is, og det veit dei.

– Eg vil ikkje gå inn på detaljane i lovverket og strategien vår, men advokatane mine er godt førebudd og sikre på siger.

Vassjet er som båt

Johansen, som har brukt mykje tid og ressursar for å kjempa for at vassjetkjøring skal bli lovleg, seier han no kjempar ein parallel kamp, juridisk og politisk.

– I tillegg til at eg er sikker på at vi vil vinna den juridiske kampen står styresmaktene fullstendig utan saklege argument for å behandla vassjet på annan måte enn båt. Dette vil det koma ein reportasje om på tv ganske snart òg.

Johansen ramsar opp årsaker til kvifor det er urettvist å behandla vassjet annleis enn båt:

Støyande leiketøy?
– Ikkje alle båtar er bygd for fiske eller transport, det handlar om å nyta livet på sjøen, anten du padlar kajakk eller vil ha litt meir fart. Støy og utslepp kan folk gløyma, dette er CE-merka på linje med båt, tilfredsstiller alle krav og meir stillegåande enn mange påhengsmotorar.

Farleg høg fart?
– Det er mange båtar som går fortare. Kvifor forby dei som er små og blir styrt med styre?

Som ein snøskuter i utmark?
– Nei! I utmark er det ikkje lov å kjøra bil heller, vi ber berre om å få kjøra der båtane får kjøra. Vassjet kan heller samanliknast med motorsykkel på bilveg.

I tillegg har vassjet lukka propellsystem/pumpe, det er med andre ord mindre sjanse for å bli skadd om du i kajakk eller som symjande blir overkjørt av vassjet enn av båt.

– På vassjet sit du dessutan med eit styre og ser beint fram, i ein cabincruisar kan du sitja sidelengs og snakka med kameratar med ei øl i handa, bli distrahert av medpassasjerar og dura av garde på halvplan, som lager store bølgjer, eller i susa av garde i 30 knop med ein båt på fleire tonn.

– Men det er fristande å kjøra fort med ein rask vassjet?

– Det gjeld også med ein rask båt, ein rask motorsykkel eller ein rask bil, det er dei som styrer som må halda seg til reglane. Det er urettferdig og heilt utan sakleg grunn at vassjet i praksis no er forbode.

Sverige og Danmark måtte gje etter

– Og uavhengig av det politiske så held altså det juridiske ikkje stikk. I Sverige slutta dei i praksis å bøtelegga i 2006 og 4. juni 2009 måtte styresmaktene gje etter for EU-domstolen.

"... en national regulering, som indebærer et forbud mod eller en væsentlig begrænsning i adgangen til at bruge vandscootere - med forbehold af en begrundelse i henhold til artikel 36 eller tvingende almene hensyn - er en foranstaltning med tilsvarende virkning som en kvantitativ indførselsrestriksjon, der er forbud" sa EU-domstolen, ifølgje høgsterett i Danmark, som refererte til den svenske saka.

I november 2010 sa høgsterettsdom i Danmark sitt og danskane kan, ifølgje Johansen, no kjøra vassjet der dei kjører båt.

"På den anførte baggrund må den danske regulering av sejlas med vandscootere anses for at være i strid med TEUF artikel 34, jf artiel 36", står det i den danske dommen, som frikjenner vassjetkjøraren.

– Snart Noreg sin tur

– Noreg kjem etter, vent å sjå. Vi får berre håpa det ikkje tar så lang tid. Sånn det er no, at kommunane ikkje har verktøy (kart utan "sårbare" sonerer) som dei kan opna for kjøring er i seg sjølv eit lovbrot.

– At vi som sel vassjet skal gå fleire år utan å kunna selja er også eit brot på EØS-avtalen. Denne kampen vinn vi, vassjet blir lovleg på lik linje med fritidsbåt.

– Og det er på høg tid, politiet har kasta vekk nok ressursar allereie, åleine grunna uvilje ein eller annan rar stad oppe i systemet, seier Carl Jacob Johansen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.