Lokal | 19. feb. 2017

Vasslekkasje i Hamnevegen

Steinneset, Haugsneset og Lurane blir utan vatn søndag.

Vasslekkasje i Hamnevegen
Kenneth Moland frå Bergen Vann viser kvar lekkasjen var. Vatnet er no stengt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. feb. 2017 10:01

Søndag i 9-tida fekk teknisk eining i Os kommune melding om lekkasje i Hamnevegen.

– I 9.30-tida fossa det opp med vatn på Hatvikvegen og på fortauet forbi Vinmonopolet, fortel teknisk vakt Dag Søfteland.

Bergen Vann er på staden og vatnet er no stengt av.

– Dette betyr at fleire nabolag i området, blant anna Steinneset, Haugsneset og Lurane, blir utan vatn dei neste timane.

– Vi har lokalisert staden der det er brot på vassleidningen, og har noko verktøy på veg som snart er her.

Det er førebels uvisst kor lang tid reparasjon vil ta og kor tid vatnet kjem tilbake til husstandane og verksemdene i området.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.