Lokal | 13. jan. 2020

Vasstanden blir 38 (!) cm høgare enn i dag

Oransje farevarsel: Melder uvanleg høg flo dei neste dagane. Berre to gongar på 100 år er det meldt om høgare vasstand.

Vasstanden blir 38 (!) cm høgare enn i dag
Full flo i Os i dag. Natt til onsdag blir det 38 (!) cm høgare. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. jan. 2020 18:10

Meteorologane har sendt ut oransje farevarsel grunna uvanleg høg vasstand, 65 til 80 cm over normalen, tysdag og onsdag.

Berre to gongar tidlegare, dei siste 100 åra, er det meldt om høgare vasstand!

På full flo klokka 12.24 i dag var nedste del av Oselvo akkurat over kanten og under fronten på bilane i Brugata.

Då var det 152 cm flo, 18 cm over normalen. Natt til onsdag er det meldt 192 cm høg vasstand, 68 cm over normalen.

Årsaka er ein kombinasjon av nesten full måne og kraftig lågtrykk. I tillegg er det meldt kraftig vind, over 10 m/s frå sør.

Flo og vasstand i Os dei neste dagane:
Natt til tysdag kl 00.56: 168 cm
Tysdag på dagtid kl 13.11: 171 cm
Natt til onsdag kl 01.46: 192 cm
Onsdag kl 14.00: 186 cm
Kjelde: Kartverket.no/sehavniva

Naust, bustadar, parkerte bilar og infrastruktur er i fare for å bli skadd.

Gjensidige kjem med råd til innbyggarane før og under den høge vasstanden.

Dette kan du gjera før det blir stormflo:

• Fjerna lause og flytande gjenstandar frå strand, kaianlegg og naust

• Hugs at bølgjer kan bidra til at vatnet når høgare enn du kanskje trur

• Er det fare for at vatn kan trenga inn i bustad og kjellar? Fjern verdisaker som ikkje toler vatn

• Sjekk at båt og kaianlegg er sikra på ein god måte. Når vatnet stiger kraftig, kan dette gi ei ekstra belasting på fortøyingane

• Tenk på kvar du parkerer bilen. Høg vasstand og bølgjer innover land kan skada køyretøyet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.