Lokal | 17. feb. 2009

Vedtok endringar for spesialpedagogisk senter

I mars blir det byggestart for eit spesialpedagogisk senter med nokre justeringar i innhaldet.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. feb. 2009 09:20

Fylkesmannen meinte planane for spesialpedagogisk senter var for mykje institusjonsprega, med skule og avlastingsbustad i eitt.

- Vi kunne nok argumentert for dei opprinnelege planane, men har valt å retta oss etter utdanningsdirektøren hos Fylkesmannen sine innvendingar, seier ordførar Terje Søviknes (Frp).

I dag vedtok formannskapet endelege endringar i innhaldet.

- Spesialpedagogisk senter kjem ikkje til å bli hovudskule for brukarane, ungar med spesielle behov. Endringane er likevel små, meiner ordføraren.

Ressurssenter for fleire brukarar

I dei nye planane ligg små fysiske endringar, dei største forskjellane ligg i at tilbodet skal kunna omfatta fleire brukarar, og at alle har skulen i sin krins som hovudskule. Eller Kuventræ skule, som ligg like ved tomta i Kolskogen.

• Det blir oppretta to nye avdelingar, Vardafjell Avlastningssenter, under helse og sosial, og Vardafjell Resurssenter for born og unge, under oppvekst og kultur.

• Teikningane og funksjonane i ressurssenteret blir endra slik at cirka ein tredel blir tilrettelagt for vaksne med spesifikk kompetanse innanfor praktisk pedagogikk i forhold til born med spesielle behov. Kompetansen her skal koma heile kommunen til gode.

• Ein tredel blir vekselvis observasjonsareal og praktisk pedagogisk senter på dagtid og skulefritidsordning og avlastning på ettermiddag og kveldstid.

- Prosjektgruppa har kome langt med arbeidet sitt, og blant anna vore gjennom anbodsrunde. Byggestart blir truleg i mars, og det vil ta rund eitt år å få senteret ferdig, seier Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.