Lokal | 28. okt. 2020

Vedtok nytt namn på nyeskulen

Nesten i tråd med Språkrådet si anbefaling.

Vedtok nytt namn på nyeskulen
Borgafjellet barneskule i dag. Borgafjellet i bakgrunnen. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. okt. 2020 09:05

Bjørnafjorden kommunestyre fatta tysdag endeleg avgjerd i sak om nytt namn på barneskulen som blir bygd aust om elva, på Hjelle.

Saka har frå før vore oppe i tenesteutvalet.

Styringsgruppa for skulebruksplanen samla seg om namnet «Borgafjell barneskule», Språkrådet anbefalte namnet «Hjella barneskule», etter garden der skulen ligg.

Kultursjef Erik Vangsnes har uttalt at sjølv om Hjella er ein gamal gard, er det ikkje ein identitetsmarkør på same måte som Borgafjellet.

– Ein annan faktor er at vi i seinare tid har fått ei stor bustadbygging i Hjellemarka, i Søfteland-krinsen. Mange vil nok i dag knyta Hjelle-namnet til dette området, noko som kan skapa forvirring, skriv Vangsnes.

Det er dessutan andre skular i Vestland som heiter Hjelle/Hjella.

Om kommunen vel fjellnamnet, anbefaler Sprsåkrådet at det blir i bunden form, slik fjellet heiter både på kart og i offentlege register.

Ingen tok ordet i kommunestyret i går, dei gjekk samrøystes inn for forslaget til kommunedirektøren.

Skulen skal heita Borgafjellet barneskule (ikkje Borgafjell barneskule).

I samband med at den nye skulen opnar i august 2021, blei det i førre veke sendt ut brev til foreldre med elevar som får ny nærskule.

Alle elevane ved Hegglandsdalen barneskule blir flytta til ny skule. I tillegg er nokre elevar ved tre andre barneskular berørte.

Elevar ved Os barneskule, Lunde barneskule og Kuventræ barneskule som får ny nærskule, men heller vil halda fram der dei går i dag, må søkja før 1. desember 2020 om å halda på plassen sin.

Dette kan få følgjer ikkje berre for dei som byrjar på skulen neste år. Elevar ved alle trinn på desse skulane kan bli plasserte på ein ny skule hausten 2021.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.