Lokal | 21. mai 2017
Vegarbeid skaper kø på E39
Asfaltering på Røykenes skaper kø søndag kveld.
Andris Hamresundag 21. mai 2017 21:51
Søndag kveld fekk Midtsiden tips om at det er mykje kø på Søfteland ved Røykenes/Tømmernes.
– Det viser seg at det er asfaltering som går føre seg. Bilar blir slept forbi i puljer begge retningar.
– Det var fleire som snudde i køen, men det er det inga grunn til. Ein slepp forbi etterkvart, seier Midtsiden-lesaren.