Lokal | 14. feb. 2015

Vegdebatt skapte temperatur

Det blei debatt med rikspolitiske dimensjonar då politikarane diskuterte hovedplan for dei kommunale vegane.

Vegdebatt skapte temperatur
Teknisk sjef Marianne Kramer fekk opp temperaturen blant politikarane då ho presenterte rapporten om tilhøva på dei kommunale vegane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 14. feb. 2015 15:27

I tenesteutvalet presenterte teknisk sjef Marianne Kramer hovudplan for kommunale vegar fram mot 2024 og rapporten administrasjonen hadde fått utarbeidd av konsulentar.

– Forfallet på ein del av vegane er stort.

– Det ligg nokre kostnadsberekningar i rapporten både på å utbetra forfall og kva drift og vedlikehald vil kosta om vi kjem over kneika, fortalde Kramer.

Rapporten syner at ein treng 30 millionar kroner for å koma ajour.

Reagerte på rapporten

Vararordførar Marie Bruarøy (H), som stilte som vara for Turid O. Lunde (H) reagerte på rapporten og tala som blei lagt fram.

– Eg hadde venta ei prioriteringsliste.

– Dette er eit typisk konsulentverk som kjem på bordet vårt.

– Det syner eit svært vedlikehaldsetterslep og ser heilt grotesk ut. Der ikkje nødvendigvis så ille, meinte varaordføraren, som peika på at det ikkje var berre å hoste opp 30 millionar over natta.

Ho lurte òg på om det var gjort konkrete vurderingar av tilstanden på vegane eller om det berre var eit skrivebordsarbeid frå konsulentane.

– Det er dokumentert med befaring, bileter og det heile, forsikra Kramer.

– Tvil om innhaldet?

Varaordføraren si haldning til rapporten fekk arbeiderpartiet sin Arild Mads Nilsen til å reagera.

– Er det slik at representanten Bruarøy sår tvil om sannhetsgehalten i rapporten?

– Den avdekkjer store behov for innbyggjarane i Os å få retta opp i.

– Då må poenget vera at vi politisk sett freister å finna midler til å gjera noko med det.

– Frp/H er jo for vegvedlikehald, i allefall i det offentlege rom, men vi har ikkje sett så mykje til det dei åra dei har hatt makta i kommunen, kommenterte Nilsen.

Visste ikkje om rapporten

Det fekk posisjonspolitikarane til å ta til motmæle.

– Det er bra at Ap erkjenner at det trengs vegvedlikehald i Noreg.

– No har vi ein samferdselsminister som har snudd vedlikeholdsbudsjetta etter å ha tatt att eit enormt etterslep, svarar Eirik Andre Hesthamar (Frp).

– Også lokalt har vi vore opptekne av vedlikehold. Vi har oppretta vedlikeholdsteam og lagt inn ekstra middel i årets budsjett, supplerte Marie Bruarøy.

– Jo, men de har tross alt regjert denne kommunen i 16 år.

– Om de ikkje er tatt med buksa nede, så er de avkledd i denne debatten. Å trekka inn samferdselsministeren blir berre feil, repliserte Nilsen.

Paal Moberg (Ap) følgde opp med å spørja om Frp/H visste om rapporten i forkant av budsjetthandsaminga.

– Nei, det gjorde vi ikkje.

– Eg stilte spørsmål om korleis innhaldet var berekna. No fekk eg stadfesta at dei faktisk har vore ute og sett på det, svara Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.