Samferdsle | 08. juni 2024

Vegen blir stengt seks timar per dag

Måndag 17. juni blir første av tolv dagar med redusert «opningstid».

Vegen blir stengt seks timar per dag
Ole Bulls veg blir stengt frå 10 til 16 fire dagar i veka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 08. juni 2024 07:09

Ole Bulls veg over Søvikåsen skal stengast nokre timar på dagtid i veke 25, 26 og 27, opplyser Per Atle Arefjord frå samferdsleavdelinga i kommunen.

Årsaka til stenginga er sprengingsarbeid på prosjektet fv 5156 Åsen – Helleskaret.

– Heile vegen blir stengt frå klokka 10 til 16 måndag til torsdag desse vekene, opplyse kommunen på sine heimesider.

Drangsvegen og Søvikvegen blir stengt i kortare periodar dei same dagane.

Ole Bulls veg skal, som kjent, blir permanent stengt for biltrafikk når Åsen-Helleskaret er ferdig, altså frå sommaren 2025. Den blir open for syklande og gåande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.