Politi | 15. jan. 2025

Vegvesenet samarbeidde med politiet – tok ein og annan syndar

Felles kontroll ved Svegatjørn onsdag.

Vegvesenet samarbeidde med politiet – tok ein og annan syndar
HUNT HIM DOWN: Kontrollen var i utgangspunktet ved Svegatjørn, men han med handhalden mobil blei følgt eit stykke. Foto: Syndaren
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. jan. 2025 23:31

Statens vegvesen hadde onsdag kontroll på Svegatjørn kontrollplass igjen.

I dag hadde dei med seg politiet.

Vegvesenet delte ut fem åtvaringar for brot på kviletida, fire bruksforbod for manglande sikring av gods og tre bruksforbod for massetransport.

– Det var snakk om store mengdar sørpevatn som rann ut av den eine dumperkassen, skriv vegvesenet i rapporten sin.

I tillegg blei det skrive ut 13 mangellappar og eitt gebyr på 1000 kroner for dårleg dekk.

Politiet sjekka 30 bilførarar for promille utan å finna noko å reagera på.

Men ein bilist som brukte handhalden mobiltelefon slapp ikkje unna. Vedkomande må ut med 10.200 kroner i tillegg til tre prikkar på førarkortet.

Ein annan blei observert utan bilbetle og må ut med 1500 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.