Veit du kven tjuvane kan vera?
Tjuvane som stal tobakk og snus for omlag 40 000 kroner frå Joker Søfteland 15. februar blei måndag etterlyst på TV2-programmet Åsted Norge. Har du tips?
TV2-programmet Åsted Norge tek for seg uløste krimgåter frå heile Noreg. I måndagens program gjekk politiet ut med bileter frå overvåkingskameraene hos Joker Søfteland, etter at to menn natt til 15. februar braut seg inn og stal tobakk og snus til ein verdi på omlag 40 000 kroner.
– Politiet anslår at begge er i bryjinga av 20-åra. Politiet i Os etterforskar saka som grovt tjuveri og treng no publikum si hjelp, fortalde ein i programmet,
– Tjuv nr 1 hadde på seg mørk jakke med hette. Jakka er todelt mørkare ved skuldrane og lysare ved botn. Tyven har på seg kvite sko og ein svart rykksekk.
– Tjuv nr 2 hadde på seg mørk jakke og mørke sko med ei kvit stripe nederst ved sålen.
– Begge tjuvane har slank kroppsfasong.
Ønskjer hjelp frå publikum
Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor fortel til Midtsiden at dei står på relativt bar bakke i etterforskinga og er interessert i tips frå publikum.
Har du tips om kven dette kan være, eller andre observasjonar frå området natt til 15. februar, kan du kontakte lensmannskontoret på 56 30 39 00 eller på 02800.