Veit førebels lite
Båtulykka ved Raudholmane. – Vi har førebels lite vi kan gå ut med, men legg opp til ei brei og omfattande etterforsking, fortel etterforskingsleiar Audun Hadler-Olsen.
Politiet veit førebels lite om kva som skjedde då ein båt gjekk på grunn ved Raudholmane natt til tysdag.
– Eg kan stadfesta at det var tre mann, alle i 30-åra av norsk opprinnelse. Ingen av dei var heimehøyrande i Os, fortel politioverbetjent og etterforskingsleiar Audun Hadler-Olsen.
Veit førebels lite
Hadler-Olsen kan ikkje seie om båten var på veg til eller frå Os då ulykka skjedde.
– Dette er noko av det den vidare etterforskinga vil avdekka. Vi har satt sammen eit breitt team her ved lensmannskontoret som no skal stå for den vidare etterforskinga.
– Det er eit omfattande og breitt arbeid vi no tek fatt på. Det omfattar krimtekniske undersøkingar både av båten og åstaden. Vi vil òg avhøyra vitner for å få avklart kva dei har sett og høyrd og snakka med personar vi antar dei tre i båten har snakka med i forkant av ulykka, forklarar Hadler-Olsen.
Politiet har ikkje fått snakka med dei to overlevande i ulykka.
– Dei ligg på Haukeland til behandling og vil bli avhøyrd når dei er klare til det.
– Er det mistanke om promille eller høg fart?
– Eg kan ikkje seie noko om promille eller fart no. Det er for tidleg men noko vi vil freiste å avklara i politiavhøyr, avsluttar etterforskingsleiaren.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.