Næringsliv | 19. feb. 2015

Vel 20 meldte seg

Vel 20 næringslivstoppar i Os meldte seg til teneste då kommunen tok initiativ til å starta næringsforum.

Vel 20 meldte seg
Espen Aspenes og Ståle Skaatun gler seg over at vel 20 næringslivstoppar meldte seg til å bidra med etableringa av næringsforumet (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 19. feb. 2015 07:38

Under DNB sitt seminar om «Sikringsmuligheter i et usikkert marked» tysdag var òg lokalapolitikarane og næringslivsaktørane Espen Aspenes (Frp) og Ståle Skaatun (H) til stades for å orientera om kommunen sitt initativ for å få oppretta eit næringsforum i kommunen.

– Kommunens stiller tilsaman med 200 000 kroner for å få dette i gang.

– I tillegg vil Os kommune stilla med administrative ressursar gjennom eit sekretariat no i oppstarten om det er ønskeleg, fortalde dei to.

Bør vera grunnlag for forum

Med 823 registerte aksjeselskap i Os burde grunnlaget for eit forum så absolutt til stades. Tysdag stilte 57 personar opp for å få orienteringa.

– I tillegg har eg fått ein masse meldingar og e-postar frå fork som var forhindra.

– Omlag 30% av dei som var tilstades meldte seg til å vera med på å etablera forumet.

– Det må eg ærleg talt seia var litt overraskande. Eg hadde ikkje trudd så mange ville melde seg.

– Vi må kunne konkludera med at dette er noko næringslivet vil ha og at vi har fått ein god start pluss, seier Espen Aspenes.

Vil finna fleire

I tillegg til dei vel 20 personane som no har meldt seg vil ein gå ut i næringane og til ressurspersonar som bur i bygda, men kanskje jobbar andre stader, for å sjå om ein kan få med enno fleire.

– Skal dette bli ein sukess, så er det viktig at vi får med engasjerte og dedikerte personar.

–Eg trur òg det er viktig at interimstyret blir så breitt samansatt som mogleg, slik at dette ikkje blir ein interesseorganisasjon for ei bransje.

– Eg tenkjer at vi heller kan ha undergrupper for bransjene, men det krev at det er mange nok som engasjerar seg.

Stifting på næringslivsfrukosten?

Aspenes fortel at ein no jobbar mot at ei formell stifting kan finna stad på næringslivsfrukosten som kommunen planlegg i mars.

– Vi jobbar ut frå det, men treng mellom anna eit formelt vedtak i kommunen på at dei tek på seg sekretariatsfunksjonen.

– Eg trur dette kan bli veldig bra og gje dominoeffektar som kan bli svært positive for næringslivet i Os, avsluttar Aspenes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.