Kultur | 15. aug. 2011

– Veldig lærerikt!

Kystsogevekene 2011: Små og store fekk seg ein interessant runde om bord i Hargun søndag.

– Veldig lærerikt!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. aug. 2011 06:03

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

– Dette var veldig interessant og lærerikt, seier Torstein Berentsen til Midtsiden.no etter omvisinga om bord i Hargun søndag.

Dei siste åra har Hargun hatt open båt under Kystsogevekene og små og store, fastbuande og tilreisande, har funne vegen om bord for å sjå korleis ein moderne fiskebåt ser ut på innsida.

Berentsen hadde med seg kona Marit og dei fekk både omvising og informasjon om fisket.

– Han var veldig tålmodig og flink å fortelja, synes Torstein om skipper Rune Garvik.

– Kvar er pengeteljaren?

Å fiska kan vera lønsamt - og Hargun er blant dei meir effektive båtane. Derfor hadde Berge Sørstrønen kommentaren klar då ein av reiarane, Jonny Garvik, forklarte om pumpesystemet som spyr fisken på land når Hargun har kome til mottaket for å levera.

– Kvar er pengeteljeapparatet? Du har vel eit slikt på desse slangane, humra Berge, som sjølv tener få kroner på laksen har drar på land frå Oselvo.

– Men eg har vore på båt òg, rett etter at eg var ferdig på ingeniørskulen. Då var eg på tokt med «Strønøy», og det var veldig spennande.

– Eg hamna i ein annan bransje, men kjenner det framleis kriblar etter å koma meg på havet igjen. Det hadde vore veldig gøy å vore med ein gong, trur Sørstrønen.

Romsleg og ryddig

Saman med resten av følgjet var Sørstrønen imponert over kor romsleg og ryddig det er om bord i Hargun, også i alle dei ulike avdelingane under dekk.

– Vi prioriterte dette då vi fekk ny båt, at det skulle vera lett å halda orden og lett å koma til når noko skulle haldast ved like, forklarte Jonny.

– Kva form for inspeksjonar og periodiske kontrollar er det på slike fiskebåtar?

– Vi har årleg sjekk av alt som har med tryggleik og livredding å gjera, frå båtar til medisinsk utstyr. Kvart femte år har vi klassing, som er full sjekk av alt om bord.

– Og kva er typiske feil?

– Blant småting som må sjekkast, reparerast og skiftast er sensorar og finelektronikk.

Brann og orkan

– Har du vore med på at tekniske feil har skapt vanskar for fisket eller truga tryggleiken til mannskapet?

– Ja. Det verste var brannen i år 2000. Eit drivstoffrør rauk medan vi var på havet vest for Irland. Det var eit høgtrykksrør, eit rør som ikkje skulle kunna ryka, men det sto i bend på ein måte som gjorde det usett for skade.

Brannen var ikkje det verste, den blei sløkt raskt og gjorde lite fysisk skade.

– Men det å ligga utanfor Irland, i skikkeleg ruskavêr, utan motordrift, det var ikkje ein god situasjon.

– Men vi har naudstraum som fungerte fint, så vi fekk lys og vinsjane fungerte. Utan dette kunne også redningsarbeidet og slepet blitt vanskeleg, fortel Jonny Garvik.

Hargun er fin, komfortabel og trygg - men framleis eit verktøy til bruk i farvatn som kan krevja mykje av både båt og mannskap.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.