Ventar på rapport
Saka om kvinna som er sikta for drapsforsøk på Os sjukeheim ligg framleis på lensmannskontoret.


Saka om kvinna som er sikta for drapsforsøk på Os sjukeheim er ikkje sendt over til rettsvesenet. Os lensmannskontor ventar framleis på rapport dei treng for å få papira klare.
- Vi ventar på rapporten frå kriminalteknisk. Etterforskinga er meir eller mindre ferdig frå vår side, men vi treng denne rapporten for å få sendt saka frå oss, seier lensmann Rasmus Dalen til midtsiden.no.
- Kva skal denne rapporten fortelja meir om?
- Ein del sentrale element. Detaljar vil eg ikkje inn på.
- I midten av februar var status den same. For pårørande og sikta, særleg om ho er uskuldig, kan dette vera lenge å venta. Burde prosessen gått raskare?
- Det blir stilt stadig strengare krav til det som blir sendt vidare til rettssystemet, men når ikkje det blir putta inn ekstra ressursar i andre enden så får vi dessverre ikkje nok kapasitet.
- Men i møte i går hadde vi saka oppe internt, og vi vil no purra på å få rapporten ferdig og oversendt til oss så vi kan få saka vidare til rettssystemet, seier Dalen.
Om saka:
• 27. januar gjorde VG.no det kjent at ei tilsett ved Os sjukeheim er sikta for drapsforsøk på ein sjuk og døande kvinneleg pasient.
• Pasienten døydde to dagar etter drapsforsøket, truleg av sjukdom.
• Ein kollega skal ha sett det påståtte drapsforsøket og varsla leiinga, og administrasjonen i Os kommune varsla så politiet.
• Kvinna blei pågripe i heimen sin, tatt til avhøyr, fjerna frå stillinga si og fekk raskt status som sikta.
• Det skal ha lukta alkohol av kvinna den dagen det påståtte drapsforsøket skjedde.
• Sikta har ikkje vore varetektsfengsla.