Lokal | 21. okt. 2015

– Ver din eigen oppskrytar

Det var bodskapen frå Barbra Røttingen til eit fullsett Kløvertun under Damenes aften tysdag kveld.

– Ver din eigen oppskrytar
Barbra Røttingen fekk publikum med seg på oppmuntrande tankar. (Foto: Cathrin Valestrand)
Cathrin Valestrandonsdag 21. okt. 2015 08:58

– Det er så moderne no til dags, og slikt eit jag etter å vera lykkeleg. Og når blir ein lykkeleg? Først må alle dei grunnleggjande behova stettast, det er ingen som er lykkeleg når dei er trøtte og svoltne.

– Då kan vi byrja å realisera oss sjølve. Det er òg veldig moderne i dag. Noko alle vi kvinner må gjera for å vere lykkelege, sa Røttingen ironisk og sparka i gong eit foredrag som fekk varma opp lattermusklane i salen.

Å leva NO

Sjølv har Røttingen eit skilt i heimen som minner ho på at det er akkurat no livet skjer.

– Det er viktig å hugsa på. Vi kan ikkje setja livet på vent til å vi har teke av dei 10 kiloane, trent mykje og avslutta med å sykla Bergen – Voss, eller berre fått teke juleferie, eller påskeferie eller sommarferie… Det er no det skjer, minna ho oss på.

– Det er viktig å spela på lag med seg sjølv. Ikkje ta sorgene på forskot og trykkja seg sjølv ned heile dagen, sa ho.

Ein liten grønjævel

– Det er viktig å vera sin eigen oppskrytar, for det er ikkje alltid andre hugsar på å skryta av oss. Og då er det viktig å kua den vesle grønjævelen som alle, eller dei aller fleste av oss, har sitjande på skuldra. Han kan vera forkledd på mange måtar, men det er han som seier at ingenting er bra nok. Det er han som seier at alt skal straffa seg.

– Her må vi ta kontrollen og bestemme oss for å velja annleis, meinte Røttingen og hausta latter frå tilhøyrarane.

Eit dansesteg på do

– Vi har to hjernar – éin i hovudet og éin i kroppen. For dei alle fleste av oss vil den største vera kroppen. Den må vi bruka meir. For hjernen kan tru på det kroppen seier.

– Så om du tek nokre dansesteg på do - berre pass på at ingen ser deg, for då trur dei at du er blitt galen - så trur hjernen plutseleg at no er det fest og då er vi glade. Og då blir vi jammen blidare òg – og meir lykkelege, avslutta Røttingen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.