Lokal | 01. mai 2010

Verdig markering

Det vart ei verdig 1. maimarkering i Minneparken då Lars Atle Skorpen heldt minneord.

Verdig markering
Andris Hamrelørdag 01. mai 2010 10:41

Kransenedlegging i Minneparken og frukost i Fjellheim var programmet då Os Ap skipa til 1. Mai-markering i Osbygda.

I Minneparken heldt tidlegare Os-rådmann Lars Atle Skorpen minneord for eit tjuetals tilhørare. Skorpen drog parallellar mellom frihetskampen og arbeidarkampen.

Han kom òg inn på at det ikkje var fleir som møtte opp, men meinte at det var eit bevis på at sosialdemokratiet virkar, når folk ikkje opplevar at dei treng stå på barrikadane lenger.

Statssekretæren i Fjellheim
Etter minnestunda samlast dei frammøtte til frukost i Fjellheim kor statssekretær i Kulturdepartementet Lubna Jaffrey Fjell heldt dagens 1. mai tale.

Endra kampsakar
Årets slagord 1. mai er "Samarbeid for arbeid". At kampsakane har endra seg gjennom tida synar eit søk på nettet kor vi finn at det fram til 1919 var åtte timars arbeidsdag som var det viktigaste kravet under parolen ""8 Timer arbejde, 8 Timer frihed, 8 Timer hvile".

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.