Sport | 15. nov. 2019

Verdscupopning i Minsk dag

Frå NRK til Viasat 4: Sverre Lunde Pedersen opnar sesongen med lagtempo og 5000 meter fredag ettermiddag.

Verdscupopning i Minsk dag
Sverre går i siste par og Håvard Bøkko i første par på 5000-meteren fredag ettermiddag. (Foto: Kristian Vårvik)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. nov. 2019 11:05

Sverre Lunde Pedersen kom seg raskt i trening igjen etter sykkelvelten i Tyskland tidlegare i haust, og er i dag klar for både lagtempo klokka 15 og 5000 meter frå klokka 17.23.

Noreg går lagtempo i siste par mot Nederland, Sverre går 5000 meter i siste par mot russiske Danila Semerikov.

Skøytesporten ser du ikkje lenger på NRK, men på Viasat 4.

– Både TV og skøytesporten må utvikla seg for at vi skal nå dei unge, seier Sjur Molven, redaksjonssjef for sport i Nent Group til Bergens Tidende.

Nent har overtatt TV-rettane frå NRK. Skøyter skal no sendast på Viasat 4 og Viaplay i tillegg til at du kan følgja sporten på YouTube.

Går 1500 meter søndag

Verdscupopninga er i Minsk i Kviterussland.

Etter dagens lagtempo og 5000 meter står 500 meter og 1500 meter på programmet for skøyteesset frå Os.

Begge går søndag, 500 meter med start klokka 13, 1500 meter med start klokka 14.12.

• Tilbakeblikk på førre sesong? Sjå Midtsiden si samleside: Skøyter

Ung tropp

Noreg stiller med ein ung tropp til sesongens første verdenscup-stemne.

Både Sverre, Sindre og Håvard er 27 år gamle, og drar opp snittalderen, som er på 24 år. Blant anna har tre 19-åringar fått plass i seniorstallen.

– Hallgeir Engebråten (19) og Odin By Farstad (21) er tatt ut til sin første verdscup, og er saman med Julie Nistad Samsonsen (19) og Ragne Wiklund (19), som òg gjekk verdscup i fjor, ei spennande, ung gruppe, skriv Skøyteforbundet i ei pressemelding.

I førre sesong tok Hallgeir sølvmedalje på 5000 meter under junior-VM. I tillegg var han med på det norske laget som tok gull på lagtempo i same meisterskap.

Ragne blei juniorverdsmester på 3000 meter og tok Noregs første junior-VM-gull for kvinner sidan 1980.

Her er laget som er tatt ut til verdenscup i Minsk i Kviterussland og Tomaszow i Polen:

HERRAR
Allan Dahl Johansson, Aktiv SK (21)
Kristian G. Ulekleiv, Gjøvik SK (23)
Håvard Bøkko, Hol IL (32)
Henrik Fagerli Rukke, Hol IL (23)
Sindre Henriksen, Fana IL (27)
Håvard Holmefjord Lorentzen, Fana IL (27)
Sverre Lunde Pedersen, Fana IL (27)
Hallgeir Engebråten, Nord-Odal IL (19)
Bjørn Magnussen, Spk. Falken (21)
Odin By Farstad, Spk. Falken (21)

KVINNER
Ragne Wiklund, Aktiv SK (19)
Ida Njåtun, Asker SK (28)
Julie Nistad Samsonsen, Fana IL (19)
Hege Bøkko, Hol IL (28)
Camilla Lund, Leinstrand IL (24)
Sofie Karoline Haugen, Sandefjord SK (24)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.