Kultur | 11. feb. 2017

Vernissasje på Os og i Øyane

Både Oseana og Vedholmen Galleri opnar nye utstillingar i dag.

Vernissasje på Os og i Øyane
Til venstre; del av «Waterfall» av Riebort/Braunsdorf, til høgre; del av verk av Bjarne Svanøe.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 11. feb. 2017 08:41

I dag er det vernissasje både i Oseana Kunst og Kultursenter og på Vedholmen Galleri.

På Vedholmen Galleri er det båtbyggar Mike Riebort, kjent frå Oselvarverkstaden, som stiller ut sju foto.

«Was draussen Wartet» er eit fotografi- og performance-prosjekt som utforskar audmjukheit o det offenlege rom. Inspirert av knefall-handlinga til Willy Brandt i Warszawa (Polen, 1970) har performance-kunstnar Maik Riebort og fotograf Eike Braunsdorf laga versjonar av denne gestus i fotografi.

Opningstale er ved filmskapar, journalist og professor Erling Borgen, musikk er ved Nelly Moar Drønen.

To nye på Oseana

I Oseana blir det gjensyn med Bjarne Svanøe, som stiller ut nye maleri og teikningar i Hvelvet.

I Griegsamlinga opnar utstillinga «Work in Progress» med utvalte verk frå Griegsamlingen.

– Som ny kurator ved Griegsamlingene har eg tillete meg å leika litt med forholdet mellom verk i samlinga og dei skiftande utstillingane denne våren, seier Evelyn Holm.

Både i Oseana og i Vedholmen Galleri er det opning klokka 14.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.