Vêret i Os | 23. juli 2025

Vêromslag og fare for lyn

Temperaturen skal ned 10 gradar på 3 dagar. I kveld kan det koma fleire lynnedslag i delar av Vestland.

Vêromslag og fare for lyn
Farevarselet gjeld frå Sognefjorden og sør, forbi Stavanger. Kart: Varsom.no
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. juli 2025 10:10

Etter nesten tre veker med nesten samanhengande sommarvêr, inkludert fleire dagar med temperaturar godt over 25 gradar, går vi no mot eit vêromslag.

Det er meldt 28 varmegradar i dag, 24 gradar torsdag og 20 gradar fredaf. Laurdag er det venta 18 gradar på det varmaste.

Yr melder sol gjennom dagen i dag, Storm melder regn frå 15-tida.

Begge melder lettskya og skyfritt gjennom torsdagen.

Dette kan bli dei to varmaste dagane på ei stund.

Samtidig har det i dag kome gult farevarsel for lyn i delar av Vestland.

Tilsvarande varsel med påfølgande lynnedslag kom i bergensområdet fredag 18. juli.

Då fortalte BKK om auka beredskap.

Samtidig sto forsikringsselskapa i kø med pressemeldingar som handla om gode råd.

– Det viktigaste du kan gjera når det er varsla lyn er å trekka ut støpsel til TV, PC, ruter og anna elektronisk utstyr, seier pressesjef Ole Irgens i Tryg.

– Men viss du berre koplar frå mobilen, og lar ladaren stå igjen i veggen, risikerer du at ladaren blir øydelagt, seier Lill Cecilie Bjørndal Klementsen i Frende.

Ho presenterte òg resultat av «Frendeundersøkelsen», som viser kva flest nordmenn gjer når det lynar:

Unngår å vera på open plass – 56 prosent
Trekk ut kontakten til elektriske artikler – 48 prosent
Lar ver å bada – 47 prosent
Lar ver å gå ut – 44 prosent
Slår av tv eller pc – 41 prosent
Droppar paraply – 25 prosent
Blir sitjande i bilen – 22 prosent
Kjem seg til ein trygg plass – 20 prosent
Ingenting – 16 prosent

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?