Erik Øvergaard Aarvik var raskast av alle i turklassen i Langedalen Opp i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Veslebror til «Stoltzeprinsen» vann Langedalen Opp

Erik Øvergaard Aarvik var førstemann til topps i turklassen.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I dag blei årets Langedal Opp arrangert, som vanleg med konkurranseklasse med start ved Vinddalsvatnet (2000 meter, 150 høgdemeter) og turklasse frå Joker Søfteland (1400 meter, 110 høgdemeter).

Raskast av alle i turklassen var 12 år gamle Erik Øvergaard Aarvik.

Han er veslebror til Stian Ø. Aarvik (21), som vann blant anna vann junior-EM i motbakkeløp i 2015, tok 8. plass i junior-VM i 2016 og vann Stoltzekleiven Opp i 2017.

– Eg har deltatt opp Langedalen før, men det er første gong eg har vore raskast, seier Erik.

Han hadde i utgangspunktet plan om å delta i konkurranseklassen, men hadde tunge bein etter å ha persa (1:48) og tatt 3. plass på 600 meter i Oslekene på Kuventræ.

Artikkelen blir oppdatert med fleire resultat når listene er klare.

Ny vinnar i konkurranseklassen

Espen Roll Karslen, som har vunne dei siste åra, måtte i år nøya seg med 2. plass.

Vinnar blei Lars Lunde, som tok 2. plass i fjor og 3. plass i 2016.

– Det er mogleg det òg blei ny løyperekord, seier Andreas Søfteland.

Arrangør Søfteland Turn og Idrettslag hadde nokre småproblem med tidtakinga, og kunne ikkje gje klart svar før dei hadde finrekna.

Raskaste kvinne blei 14 år gamle Tonje K. Laasby.

Det var 24 deltakarar i herreklassen og 9 i kvinneklassen på konkurransedistansen frå Vinddalsvatnet og opp.

Midtsiden kjem med eigen sak og bildeserie frå konkurranseklassen.

Fleire saker