– Vi er glad ho har stilt seg til disposisjon
Marie Lunde Bruarøy valt til ordførarkandidat for fjerde gong.

Bjørnafjorden Høgre hadde nominasjonsmøte torsdag kveld. Der blei Marie Lunde Bruarøy valt somordførarkandidat til kommunevalet 2023.
– Bruarøy var innstilt frå nominasjonskomiteen, og vart ikkje overraskande vald av eit samla nominasjonsmøte utan motkandidatar, fortel leiar for Bjørnafjorden Høgre, Kristin Søfteland-Larsson i ei pressemelding.
Dei øvrige kandidatane til Høgre si liste skal veljast på nominasjonsmøte i november.
– Eg er audmjuk og takksam, skriv Marie sjølv på Facebook etter valet.
Det er fjerde kommunevalet at Marie stiller som ordførarkandidat for Høgre. Ho har vore varaordførar i Os kommune i åtte år, og ordførar i nærare to år.
Også lokalpartileiinga er takksam.
– Vi er særs nøgd med at ho nok ein gong har stilt seg til disposisjon, seier Søfteland-Larsson.
– Marie og Bjørnafjorden Høgre er klar for å arbeida for eit borgarleg fleirtal etter valet neste haust.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.