Politikk | 26. jan. 2022

Sa ja til å stilla som ordførarkandidat neste år

Bjørnafjorden Frp har hatt årsmøte.

Terje Søviknes og Gustav Bahus etter gårsdagens møte. (Foto: Privat/Bjørnafjorden Frp)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. jan. 2022 07:15

Bjørnafjorden FrP heldt ordinært årsmøte i lokallaget i går, tysdag 25. januar.

På dagsorden sto ordinære årsmøte-saker, og følgjande styre vart samrøystes vald;

Leiar: Gustav Bahus (gjenval)
Politisk nestleiar: Espen Aspenes (ikkje på val)
Organisatorisk nestleiar,studieleiar og medlemsansvarleg: Eirik Andre Hesthamar (ikkje på val)
Kasserar: Terje Søviknes (ikkje på val)

Styremedlem: Kristine Hjartnes (ny, 2 år)
Styremedlem: Ove Frotvedt (gjenval, 2 år)
Styremedle: Roald Stigen (gjenval, 2 år)
Styremedlem: Thrude Scheie Mellingen (gjenval, 2 år)
Styremedlem: Tore Kleppe (gjenval, 2 år)
1. varamedlem: Kristine Bjånesøy Tikkanen (gjenval, 1 år)
2. varamedlem Øystein Engevik (gjenval, 1 år)
3. varamedlem Ingar Jarle Havsgård (ny, 1 år)

I tillegg møtte Laila Reiertsen i styret som representant for kommunestyregruppa. Årsmøtet valde også utsendingar i fylkesårsmøte i Vestland FrP 12. februar, og valkomité og nominasjonskomité fram mot kommunevalet 2023.

Drøfta dagens politiske situasjon

I den politiske debatten vart den politiske situasjonen, både nasjonalt og lokalt, drøfta.

Årsmøtet konkluderte mellom anna med at den politiske situasjonen i Bjørnafjorden kommune er særs utfordrande etter at regnbogealliansen frå 2019-valet (AP/SP/KrF/MDG + SV) har smuldra opp.

KrF sin eine representant i kommunestyret sit òg i formannskapet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògKrF trekk seg frå koalisjonen

Bjørnafjorden skal i 2022 styrast på FrP/H/Magne Djuvik (uavhengig) sitt alternative budsjettframlegg, og årsmøtet såg fram til at FrP igjen får ei hand på den økonomiske politikken i kommunen.

Bak ordførar og varaordførar i kommunestyret heng maleriet av tidlegare ordførar Terje Søviknes. Han pustar no posisjonen i nakken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògEtter budsjettvedtaket: – Får ei hand tilbake på roret

Vil tilbake i posisjon

Årsmøtet konkluderte med at Bjørnafjorden FrP er klar til å ta ansvar, og at målet for 2023-valet er klart.

– Då skal Bjørnafjorden FrP tilbake i posisjon, om veljarane ønskjer det, seier lokalparti-leiar Gustav Bahus i ei pressemelding etter møtet.

I den samanheng gav også Terje Søviknes beskjed om at han stiller som ordførarkandidat til neste år, gitt at lokallaget ønskjer det.

– Basert på tilbakemeldingane i årsmøtet er det ingenting som tyder på noko anna!

Årsmøtet vedtok også to uttalar om straumstøtte til næringslivet og den auka formueskatten for lokale, familieeigde oppdrettsselskap.

Begge uttalane skal fremjast for fylkesårsmøtet i Vestland FrP i februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.