Sport | 08. okt. 2012

– Vi har hatt godt av motgangen

Tim Henrik Sperrevik trur Os hadde godt av å bli vippa ned frå toppen av tabellen. – Men vi går for å avslutta med stil, seier trenaren før kveldens heimekamp.

– Vi har hatt godt av motgangen
Trenar Tim Henrik Sperrevik (t.h.) seier Os-spelarane er motiverte for vinteren og for opprykk i 2013. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. okt. 2012 10:23

Os leia tabellen før ferien, men har i haust berre vunne to kampar.

– Våren var nok i overkant av kva vi var klare for. Vi hadde ikkje breidde nok i gruppa til å halda oss i toppen, eller til å vera rusta til opprykk til 2. divisjon, seier Tim Henrik Sperrevik.

Då Egil Thuen og Håvard Grøteide skadde seg og mista vårsesongen blei det ikkje betre.

Os heldt seg i toppen fram til ferien, men i haust blei det både stang-ut, sjansesløseri mot motstandarar som hadde brukt sommaren på å styrka seg.

Smak gav svolt

– Vi hadde 12-13 spelarar som heldt topp 3. divisjon-nivå, no har vi nokre fleire. At vi har fått smaka på nivået i toppen har samtidig vore viktig, det ser ut til å ha gjort heile stallen meir svolten på opprykk og på å legga ned det arbeidet som må til.

– Samtidig har vi byrja å sjå på enkelte forsterkingar. Litt friskt blod inn i gruppa kan gjera godt på fleire måtar, trur Tim.

– Er det fare for at de mister nokre spelarar frå 2012 til 2013?

– Ikkje som eg veit om. Det ser ut til å vera god stemning i gruppa og eg håper vi har med oss alle saman i oppkjøringa til 2013.

– Kva med talenta som Simen Lassen, Egil Thuen, Fredrik Heggland og Frode Øvredal. Har det vore interesse frå andre klubbar?

– Ikkje som eg har registrert, men om det kjem så vil eg ikkje stå i vegen for at desse skal få prøva seg på høgare nivå.

Vil avslutta med stil

I skrivande stund ligg Os på 5. plass på tabellen med 35 poeng, men tar 4. plassen tilbake om dei vinn kveldens kamp over Sandnes Ulf 2, som no ligg på 4. plass.

På 3. plass ligg Stord med 43 poeng, Haugesund 2 ligg på 2. plass med 49 poeng og Arna-Bjørnar treng berre eitt poeng for å sikra seg opprykk, då dei allereie har 57 poeng.

– Vi har har tre kampar igjen og vi vil avslutta med stil. Det er veldig godt miljø i laget, men nokre gode kampar no er viktig for motivasjonen før vinteren, seier Sperrevik.

Vårens oppgjer med andrelaget til Sandnes Ulf enda 3-3 etter at Os hadde leia 2-0.

Os - Sandnes Ulf 2 startar klokka 19.00.

Os startar med dette laget: Anders Kloven - Espen Kopperud (h.b.), Torkel Hjertnes, Per Søgnen Merai, Tor Erik Berge (v.b.) - Stian Lunde, Håkon Kvittingen - Christer Olsen (h.k.), Fredrik Heggland (v.k.), Erik Kanestrøm og Ramo Racic.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.