Lokal | 10. nov. 2015

– Vi har for mange planar

Plansjefen vil kutta ned på talet av kommunale planar. – Planar er ferskvare. Fleire er utdaterte allereie før dei blir godkjende, seier Aina Tjosås.

– Vi har for mange planar
Plan- og utviklingssjef Aina Tjosås utfordra politikarane på å kutta ned på talet kommunale planar (foto: AH)
Andris Hamretirsdag 10. nov. 2015 08:13

Det var under budsjettkonferansen på Sandsli førre veke at plan- og utviklingssjef Aina Tjosås litt overraskande slapp "bomba" om at kommunen burde kutta ut fleire av planane dei skal styre etter.

– Vi har alt for mykje planar. Set vi opp ei oversikt så er den enorm. Vi har ufatterlege mykje planar. Vi har planar for alt. Slik kan vi ikkje ha det, vi må setta oss ned og sjå på korleis vi arbeidar med dette.

– Treng vi til dømes åtte forskjellige planar innan helse, spurte ho retorisk.

Få krav frå staten

Plansjefen fortalde at ein frå overordna mynde eigentleg har få pålagte planar.

– Vi må ha ein overordna planstrategi, kommuneplan, arealplan, beredskapsplan med nokre få fleire.

– I tillegg så er det områder, til dømes idrett, kor ein må ha ein plan som rullerast årleg, for å få ut midlar. Men sjølv om ein har desse krava, så er det utruleg få planar vi eigentleg treng, forklarte plansjefen.

Vil rydda opp

Plansjefen inviterte politikarane til å vera med på ein ryddesjau i den kommunale planskuffen.

– Ein av planane vi må ha er den kommunale planstrategien. Den skal de vedta i løpet av det første året etter at de er vald inn i kommunestyret. Førre periode var første gang vi hadde den. Eg inviterer dykk med på ein god prosess no når vi skal jobba med den på nytt, slik at vi kan få rydda opp.

– Planstrategien er eit nytt verktøy i plan- og bygningslova som skal gi oss betre og meir behovstyrt planlegging, fortalde Tjosås som vil starta arbeidet på nyåret med slutthandsaming i oktober 2016.

– Må veta kva dei kan forventa

Ein av dei andre sentrale planane kommunen må ha er kommuneplanen sin arealdel.

– Sist tok det 8-10 år å få rullert den. Planen blei godkjent i 2012 og er allereie utdatert. Vi har allereie fåt eit 50-tals innspel til ny arealplan. Det handlar mellom anna om areal til offentleg formål, næringsareal både på land og til sjø, samsvar mellom utbyggingsareal til sjø og sjøområda utanfor.

– Vi må òg definere areal som er viktig for å sikra nærfriluftsliv og grøne/blå korridorar. No har vi ei generell 100 meter sone mot sjø som gir litt absurde situasjoner innimellom.

– Det viktige er at vi legg føringane, slik at osingane veit kva dei kan forventa. Eg vil at de skal vera veldig aktive på å definera desse punkta, oppmoda plansjefen.

Vil vera med

Politikarane var på budsjettkonferansen positive til plansjefen sitt utspel.

– Ein konklusjon vi vel kan dra er at gode planar, som vert brukte, gjer jobben lettare for både politikarar og administrasjon. I tillegg vert det lettare for osingane å setja seg inn i kva politikk Os kommune førar og kvifor. Eg ser fram til eit godt samarbeid kring kommande planprosess, men du må lova meg at det skal gå føre seg uten gule lappar, kommenterte Terje Søviknes (Frp), som var frista til å få planane ned i visittkortstørrelse etter modell frå "Os inspirerer".

– Å ha fornuftige planar som vi kan styre etter er fornuftig. Kan vi styra 80-90% etter gode planar, så må dette vera ein god og fruktbar veg å gå, supplerte Jakob Enerhaug (KrF).

– Dette var mykje eg må tenkje gjennom, men eg trur osingane ønskjer ein forutsigbarheit. Om vi kan gå etter konklusjonen, så trur eg vi oppnår mykje bra, kommenterte Terje Sperrevik (TvS) som fekk støtte frå Harald Lekven (Sp).

– Eg synest Tjosås har sagt mykje klokt. Eg er veldig tilfreds med det som seiest, når eg høyrer kor tungvint ting er så er det nesten så ein blir for diktatur på området, men eg vil ikkje ha Gustaven (Gustav Bahus, red.mrk) som diktator.

– Samstundes så får eindel avgjersle enormt store konsekvenser, då må ting få modnast og det må gå litt på akkord med hastigheiten det går i, men kan vi einast om konklusjonen, så er det noko vi tverrpolitisk kan vera einige i, oppsummerte Lekven.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.