Lokal | 09. sep. 2011

Vi kan ta styringa

LESARINNLEGG, Bård Moberg (Sp): OHARA - ein prosess ingen vil ha styringa på?

Vi kan ta styringa
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. sep. 2011 19:18

Som alle har fått med seg er valet rett rundt hjørnet, og i den forbindelse nyttar konstellasjonen Høgre og Frp dei siste dagane på å unnskylde at dei gjekk inn for at 70 % av avgjerdsgrunnlaget skulle være økonomi, i høve til plassering av anlegget, samt å kome med nye ”favorittar” til plassering av utløpet.

Dersom Høgre og Frp verkeleg har ei anna oppfatning av kva som skal være kriteriet for plasseringa også etter valet ville ingenting vore meir gledelig enn dette, men som veljar bør ein være mest oppteken av kva partia stemmer for i kommunestyre, og kanskje i mindre grad kva ein skriv i avisa rett før valet.

Det er også grunn til å minne om at det faktisk er innbyggjarane sjølve som skal betale for dette anlegget.

Dersom Frp og Høgre i Os sitt utgangspunkt; for å skåne resten av innbyggjarane i Os med unødige høge avgifter, som er stipulert til nokre hundre kr pr husstand, avgjer vi å plassere OHARA i Mobergshaugane eller på Kuhnle, var ein feilslått taktikk synest eg dei skal være ærlege på det.

Den største utfordringa med heile OHARA- prosessen er etter mi meining, og slik eg også har oppfatta dei ulike velforeininga, at ein har ein måtte ”klage seg fram” til både folkemøte og utgreiingar av andre alternativ.

Det at Terje Søviknes skriv den 3.9 i Os og Fusaposten: ”Frp/H tok initiativ til å få utgreidd Liafjellet som lokalisering for heile anlegget” er vel som å skrive at det var Terje Riis Johansen som ønskja at det vart utgreia sjøkabelalternativ i Hardanger.

Heldigvis har engasjerte velforeiningar og ein samla opposisjon gjort ein fantastisk jobb med å ta regien på heile prosessen. Med dette som utgangspunkt håpar eg også veljarane ser at det er stor vilje i fleire parti i Os til å ta over regien frå den sittande konstellasjonen, og styre prosessen med OHARA vidare på ein meir open og fornuftig måte enn tilfellet har vore fram til i dag.

Os Senterparti stiller velvillig opp til å ta styringa saman med andre og føre prosessen trygt i hamn også etter valet.

Godt val!

Bård Moberg
4. kandidat, Os Senterparti


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.