Politi | 14. okt. 2022

– Vi meiner det er personar som sit på nøkkelinformasjon

Dagbladet: Politiet har hatt møte med Kripos si coldcasegruppe.

– Vi meiner det er personar som sit på nøkkelinformasjon
Våren 2019 var det søk og opning av 13 graver på Øvsttun i søk etter levningar etter Trine Frantzen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. okt. 2022 10:34

Trine Frantzen var 31 år då ho forsvann etter ein fest på Øvsttun i mai 2004. Ho var først meldt sakna, og det tok heile tre månadar før politiet opna drapsetterforsking.

Fleire spor var tapte, og politiet fekk kritikk.

Men den gamle saka har vore henta fram igjen fleire gongar, både av politiet og ulike TV-program.

Etter resultatlause søk på Øvsttun gravplass våren 2019, overtok Kripos si coldcasegruppe sakspapira hausten 2021.

I sommar blei rapporten overlevert til politiet, ifølgje NRK.

I førre veke, onsdag 5. oktober, hadde Kripos ein gjennomgang av rapporten til coldcasegruppa med politiet, skriv Dagbladet.

– Den foreløpige konklusjonen er at Cold Case-gruppa ikkje har identifisert informasjon som kan vera avgjerande for å finna Trine eller fastslå kva som skjedde med ho, seier politiinspektør Tore Salvesen i Vest politidistrikt til Dagbladet.

Men det blei anbefalt nokre få, nye skritt i etterforskinga, noko som inkluderer samtalar og avhøyr av enkelte personar.

– Vi er avhengige av at nokon kan påvisa levningar eller fortelja kva som har skjedd. Der meiner vi å veta at det er personar som sit på nøkkelinformasjon for oss.

Politiet held no på å planlegga desse samtalane og avhøyra, men har ikkje bestemt kor tid desse blir gjennomførte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.