- Vi tør meir

Os - Fana 5-0: - Vi tør meir og har større ro i angrep, seier tremålsskårar Vegard Leikvoll Moberg etter nok ein suveren heimekamp.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. aug. 2010 18:23

Os står med 9-0 i målforskjell etter dei to siste kampane. Vegard Leikvoll Moberg har skåra 6 mål på dei siste 4 kampane, 3 av dei i dag.

- Fana starta kampen best, men etter våre to raske skåringar var dei sjanselause, seier Moberg.

Stian Lunde gav Os 1-0-leiing i 16. minutt. Under eitt minutt seinare auka Vegard til 2-0. Daniel Kalstad sette inn 3-0 i 2. omgang medan Vegard skåra dei to siste på straffe.

SJÅ VIDEO AV ALLE SKÅRINGANE
NEDST I ARTIKKELEN

- Som venta
Fana var gode det første kvarteret av kampen. Dei vann fleire av duellane og kom til nokre sjansar som kunne blitt farlege.

- Vi styrte kampen i starten, men etter dei to skåringane spelte vi utan sjølvtillit. Samstundes løfta Os seg og vi hadde lite å koma med, seier Fana-trenar Stig Soltvedt.

- Fana var som venta offensive i starten, vann nokre førsteballar og kom med raske angrep. Men vi var trygge bak, Enes hadde få avsluttingar å strekka seg etter, seier Frank Hellevik.

Den store forskjellen
Os tok 3 poeng på dei første 9 kampane, på dei neste 9 har dei tatt 15 poeng. På dei tre siste kampane har dei skåra 13 mål.

- Kva er det de har blitt betre til?

- Vi tør meir og vi har ein annan ro framfor motstandarane sitt mål. Vi har hatt fokus på angrep og avsluttingar på trening den siste tida og det har gjeve resultat, seier Vegard Leikvoll Moberg.

Os får med seg større delar av laget i angrep og gjer fleire trekk før avslutting. Med høgt tempo og presist eitt-touch-spel strøymer det med sjansar.

I pausen i dagens kamp blei vinnaren av båtlotteriet ropt opp. Tove Bogevik stakk av med ein Askeladden 2210 med 9,9 hk Suzuki.

Os - Fana 5-0 (2-0)
Målskårarar: Stian Lunde, Vegard Leikvoll Moberg (3, 2 av dei på straffe) og Daniel Kalstad.
Os sitt lag frå start: Halvard Enes, Anders Glesnes, Dani Alvær Bergstø, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Torkel Hjertnes, Frode Buvik, Stian Lunde, Erik Kanestrøm, Vegard Leikvoll Moberg og Daniel Kalstad.
Byte: Mats Lepsøe - Glesnes, Preben Borgen - Osebakken, Christer Olsen - Kalstad.
Gule kort, Os: Anders Glesnes
Dagens Peppes-spelar: Stian Lunde
Tilskodarar: 170

SJÅ TABELL

Os klatra med dagens siger over nedrykksstreken. Om dei blir liggande der når heile 18. runde er ferdig vil måndagens kamp mellom Vålerenga 2 og Stabæk 2 avgjera. At Åsane og Førde i dag spelte uavgjort gjer at dei to laga berre ligg 4 poeng framfor formsterke Os.

Neste kamp er borte mot Manglerud Star, neste heimekamp går mot Stabæk 2 13. september.

VIDEO: Alle skåringane og nokre av sjansane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.