Næringsliv | 06. apr. 2023

– Vi trengte ein påske som denne!

Våte stunt og gode besøkstal i Eikedalen.

– Vi trengte ein påske som denne!
Lucas (5) kom seg over nesten heile dammen? Våger du? (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. apr. 2023 10:39

Alpinanlegget nærmast Os, Eikedalen Skisenter, fekk ein noko hard sesong i fjor, på veg ut av pandemien.

– Besøksatala var greie, men det som kunne vore overskot forsvann, som hos mange andre bedrifter, ut i straumrekningar, fortel innehavar Fredrik Tønjum.

I årets sesong kunne ha gleda seg over ein tidleg start og ein god juleferie.

– Dessverre blei heile februar elenedig, med unntak av nokre dagar på slutten. Derfor var det ekstra gledeleg med gode forhold og masse besøk i vinterferien.

Årets vinterferie blei den beste nokosinne for Eikedalen, med rundt 17.000 besøkande.

Førre rekord var frå 2018, rekorden før der er mange år gamal.

– I vinterferien hadde vi både bra besøk på dagtid og mange på kveldskøyring. I påsken har vi jo ikkje kveldskøyring, men med fint vêr gjennom heile påsken blir nok denne ferien også bra for oss.

Midten av mars hadde noko dårleg vêr, men veka før påske kom det påfyll av snø.

– Er det kø og kaos desse første dagane?

– Nei. Når det er fleire godvêrsdagar å velja mellom, så fordeler nok besøket seg utover i ferien.

– Vi ventar eit bra innrykk i dag, men fredag og laurdag er det meldt omtrent vindstille, så dei dagane kan bli endå betre.

Eikedalen har laga eige påskeprogram, og nytt i år er ein dam du kan prøva å køyra over på ski.

Lucas (5) kom seg over nesten heile dammen? Våger du? (Foto: Privat)
Lucas (5) kom seg over nesten heile dammen? Våger du? (Foto: Privat)

– Det er yngre garde av kollegaene mine som fekk ideen. Vi pumpar vatn opp frå ein bekk, og for å hindra is, tappar vi det igjen på kvelden for så å bruka nokre timar neste morgon på å fylla det igjen.

– Dammen er klar i 12-tida, her er det berre til å ta fart så du kjem deg over. Alternativt får du ha med klebyte eller stå i badeshorts, anbefalar Fredrik.

Sonen hans, Lucas på 5 år, er blant dei som nesten kom seg over.

På Eikedalen si Facebook-side ligg det fleire bilde og videoar av vellykka og mindre vellykka forsøk.

Påsken blir truleg dei siste opningsdagane i Eikedalen.

– Vi har kanskje ope måndag, men eg ser det er fare for regn. Kjem det regn måndag så er søndag siste dag, vi ønskjer å runda av sesongen med flagget til topps, ikkje i regnvêr, seier Tønjum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.