Fritid | 27. feb. 2023

Startar vinterferien i Eikedalen

Kameratgjeng kasta seg med første tur i nytt ferietilbod.

F.v.: Jonas Rotnes, Victor Aarvik og Andeas Aasen er tre av seks i ein kameratgjeng som i dag heiv seg til Eikedalen i taxi. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. feb. 2023 10:52

Mange ungdomar bruker nok første feriedag på å sova litt ekstra, men litt før klokka 09 møtte ein god gjeng opp for å nyta sola i fjellet.

– Ein kamerat av oss tok initiativet, og vi blei seks stykker i alt, fortel Victor Aarvik.

– Blir det tur med skibussen onsdag og fredag òg?

– Nei, eg skal jobba seinare i ferien, seier Jonas Rotnes.

Os Taxi stilte med ein ekstra buss i berdskap, i tilfelle det skulle koma nokre drop-in-passasjerar første dag med nytt tilbod. (Foto: KVB)

Os Taxi, som i dag køyrde sin første tur med skibuss, er nøgde med responsen.

– Vi auka frå 14 til 15 påmeldte, men slepp å bruka ekstrabussen vi hadde i beredskap, seier dagens sjåfør, Ole Henning Kristoffersen.

16-setar med hengar til utstyr var nok.

Ole Henning klar for avreise. (Foto: KVB)

Alle dei reisande hadde bestilt på førehand.

På veg inn i minibussen blei det notert navn og telefonnummer på alle, så Kristoffersen har sjanse å ringa dei som eventuelt ikkje dukkar opp til retur i ettermiddag.

Dei reisande ser ut til å få ein grei dag i løypene. (Foto: Os Taxi/Ole Henning Kristoffersen)

Sjølv har Kristoffersen sett skia igjen heime, men ventar i terrenget til gjengen skal heim igjen til Os.

No er han og kollegaene spente på resten av veka. Vêrmeldingane er gode, men dei treng mint ti påmeldte per dag for at dei planlagde skibussane onsdag og fredag også skal ta turen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.