Fotball | 06. feb. 2023

– Vi var ganske solide defensivt

Os tok imot Stord - i Fana.

– Vi var ganske solide defensivt
Daniel Kvalvågnes (midten), her heime mot Fana i førre treningskamp, skåra kampens einaste mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. feb. 2023 08:35

Os spelte laurdag årets andre treningskamp. I den første blei det 3-2 over Fana, også laurdag skulle kampen gå på Kuventræ, men i staden lånte dei Fana sin Nesttun Idrettspark.

Kampen gjekk mot Stord, som landa på 9. plass i Os si naboavdeling, der dei spelte mot blant andre Lysekloster og Fana i Norsk Tipping-ligaen i fjor.

– Det var ikkje ein spridlande kamp offensivt, men eg synest vi var det beste laget mesteparten av kampen, seier Os-trenar Endre Brenne etter kamp.

– Det var ei grei gjennomkøyring der vi var relativt solide defensivt. Det var også kjekt å halda nullen.

Os hadde ein sterk sesong i fjor, og landa på 3. plass, men har ikkje spelt utan baklengsmål sidan 5-0 over Oppsal 14. august.

Os - Stord 1-0 (1-0)
Målskårar: Daniel Kvalvågnes

Os: Kasper Færøvik - Anders Havsgård, Szymon Walczak, Petter Hilton - Jonathan Mjånes Lund, Torgeir Lunde, Lukas Einarsen Olsen, Sverre Spangelo Haga - Henrik Tysse Sperrevik, Daniel Kvalvågnes og Kaspar Klett Døsen.

Innbytarar med speletid: Magnus Spangelo Haga, Henrik Berge, Filip Fjellberg og Thomas Spilde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.