Meining | 28. aug. 2023

Slik vil KrF leie og gjennomføre kostnadsreduksjonar

DEBATT: Det går dårlig dersom ein omstiller organisasjonen ovanfrå og ned.

Slik vil KrF leie og gjennomføre kostnadsreduksjonar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 28. aug. 2023 08:09

Vi går i møte med ein omstillingsprosess i kommuna vår, med store kostnadskutt for å få kontroll med økonomien. Eventuell innføring av eigedomsskatt vil ikkje hindre det.

Frå KrF vil vi åtvare om risiko for frustrerte tilsette som søkjer seg vekk og om auka sjukefråvær fordi ein må springe fortare og stå i vanskelege situasjonar ein ikkje burde stått i. Dette kjenner tilsette i kommuna vår på allereie.

Eg veit at mange ute i einingane våre er usikre og opplever ein auka arbeidsbelastning. Ein tek ikkje inn sjukevikarar og andre må kompensere.

Takk til de som formidlar dette, vi lyttar og tek det med inn i arbeidet!

Eg er overtydd om at det er mogleg å gjennomføre kostnadskutt og samstundes ha tilsette med levelig arbeidsmengde, og som får brukt arbeidskapasitet og kompetanse i det daglege arbeidet. Men det gjer ikkje seg sjølv.

«Dette kan fort gå godt», seier ein gjerne i møte med krevjande situasjonar.

Eg vil likevel åtvare meg sjølv og politiske kollegaer i alle parti om risikoen for at det ikkje går godt om vi undervurderer utfordringane og fallgruvene i omstillingsprosessen.

Det er enkelt å vedta tøffe kutt og å «vise handlekraft», men vanskeleg nok å leie og istandsette ute i den skarpe enden.

Erfaringa mi frå 30 år i næringslivet er at det går dårlig dersom ein omstiller organisasjonen ovanfrå og ned. Resultatoppnåinga vert dårleg og frustrasjonen aukar.

I KrF trur vi at gode samfunn blir bygd nedanfrå i tillit og i samspel mellom partane. Som KrF-politikar vil eg difor arbeide for at ein set inn tiltak og oppfølging nedanfrå og opp.

Samspelet mellom tilsette og mellomleiarar ute i einingane og leiinga på rådhuset er avgjerande for å lukkast. Leiinga på alle nivå må stå fram og prioritere, og også ta støyten i den krevjande dialogen med alle dei som blir råka av prioriteringa.

Dei tilsette må akseptere prioriteringa som vert gjort, men skal kjenne seg sett og verdsett, og ha ei overkommelig arbeidsbelastning.

Og for å få til samspelet treng vi dyktige tillitsvalde som blir høyrt og lytta til. Du som er tilsett ute i einingane våre skal vite at vi er avhengig av deg og kollegaene dine for at vi skal lukkast.

KrF vil lytte til deg og sette inn tiltak for å prioritere vekk det du skal gjere mindre av, og legge til rette for at du skal få gjort oppgåvene på ein god måte.

KrF vil gjerne komme i posisjon til å leie og følgje opp omstillingsarbeidet i Bjørnafjorden kommune, i samarbeid med andre parti.

Som sentrumsparti er KrF pragmatisk og løysingsorientert, og vi vil søkje breiast mogleg samarbeid.

Vi på KrF-lista er motiverte til å vere ombodspersonar for deg, og utøve politisk styring og oppfølgjing til det beste for innbyggjarane. KrF anerkjenner våre dyktige tilsette og vi vil arbeide for forbetring nedanfrå og opp og fjerne unødig byråkrati.

Gje gjerne KrF stemma di i år dersom du har sansen for måten KrF vil arbeide på.

Jakob Enerhaug
1. kandidat Bjørnafjorden KrF

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.